onsdag, mai 04, 2011

Vermelding 4.. mai - 2011

Klokka er snart 16.30. No har sola kome skikkelig fram og temperaturen er om lag + 13 grader C. Før i dag har det vore skya og nokså kjølig, så eg fann ut at eg like godt kunne støvsuge og vaske til helga i dag, i tilfelle det blir finever i morgon. Nils kjøpte mold og hadde på bedet nedanfor garasjen. Vanligvis plar dette bedet vere fullt av tulipanar på denne årstida, men dei gamle løkane er fjerna, og sist haust kom snøen på oss før vi fekk planta nye. Det ser noko stusslig ut med dei få stakkarane som er att. Tulipanar skal vere mange og stå tett ! Men det som ligg under molda er 1000-vis av blomkarsefrø frå i fjor som vi håper skal spire-slikt har i alle fall skjedd før.
Rosetrea er eit trist kapittel i år, men ingen har fått den endelige dødsdommen enno.Er redd for at den rotekte rosa eg fekk frå Hareid i fjor er død i alle fall.
Jubileumsfesten i går gjekk etter planen, og alt var greitt. Men både Nils og eg tykte den varte vel lenge, klokka var nærmare 21 då vi var heime att. Journalisten frå Møre-Nytt var der ikkje så lenge, så eg fekk beskjed då festen var nesten slutt at eg måtte skrive eit referat likevel. Det har eg gjort i dag, men det er ikkje så lett å få med alt når eg ikkje har notert ned under vegs.Dette referatet skal ikkje i avisa, så det blir berre til protokollen vår.
Om ein times tid skal vi møte Margrete og Ingeborg i Furene , og så skal vi til Ulsteinvik på lanseringsfest for Øystein si bok. Det blir ingen lang seanse, men det blir sikkert kjekt. Fleire som eg har snakka med har høyrt Øystein på radio i dag, men sidan vi aldri har på radioen, har vi gått glipp av den sekvensen også.
Klokka er 22, og vi kom heim frå Ulsteinvik for ei lita stund sidan. Det var ein vellykka lanseringsfest. Kaffi-Kari er ei ombygd sjøbud , der er lågt under taket og ei fin atmosfære når ein er inne. I kveld var der stappfullt,og det måtte hentast stolar frå "loftet". Øystein  fortalde litt om boka si og las nokre noveller. Ronald og Odd song og spela gitar. Andreas snakka også om Øystein si bok; seinare las han eigne dikt.Trur ikkje orda fall på steingrunn i kveld, det var eit lydhørt publikum.Og for meg var det heile ei fin oppleving; det er første gongen eg har vore med på noko slikt.
Bilda som eg tok inne, vart ikkje gode, så eg håper Margrete kan dokumententere "inneklimaet".Mitt bilde er frå kaia/ terrassen utanfor kaféen.
Sidan dei andre ikkje har lagt inn interiørbilde, tok eg og kutta hovudet på eit par karar, slik at de får eit lite inntrykk av atmosfæren.( Det var ikkje kutting av hovud som gjekk føre seg, det berre virkar slik).

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt å lese om alt de har vore med på siste tida.

Besta sa...

Ja, du kan tru at eg er glad for å kunne vere så mykje på farten etter alle desse åra eg ikkje har vore så mykje ute blant folk.

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...