tirsdag, mai 03, 2011

Vermelding 3. mai - 2011

Klokka er 13.30. Temperaturen er +11 grader, så det er litt for kaldt til å leike at det er sommar.
Mykje av denne fine føremiddagen har vi brukt på Kulturhuset. Vi har sett på plass bord og stolar, dekka borda og bretta serviettar. Serviettbrettinga melde eg meg ut av, i staden "sprang" eg rundt og sette på plass serviettane, det må også gjerast. Nils stakk av og fekk klipt håret sitt mens vi gjorde ferdig borda. Maten er det andre som skal ta seg av, og i kveld er eg fri, for Møre-Nytt kjem og skal "dekke" festen, som tek til klokka 17.00. No skal vi ta oss litt mat, middagen "plystrar" vi i dag.

1 kommentar:

solveig sa...

Då reknar eg med det er vel blåst!?

Dagbok 2026:mandag 20-april

  Klokka er no 17.06, temperaturen ute er +15 graderC, det er både skyer og blå himmel. Ein slik vår som dette har eg ikkje opplevd før. Mar...