Klokka er 13.45. Temperaturen er + 17 grader, det er lettskya og delvis sol. Hassan og Nils har vore og drege opp teinene og fiska, så no blir det fersk torsk til middag, det er det lenge sidan vi har hatt.Han fekk ein torsk og ein del småsei, så det vart litt på naboane også.
Eg prøvde å gjere litt hagearbeid, men det er ikkje så mykje eg kan gjere når eg er åleine. Sidan Margrete og ungane ikkje kjem i dag, blei eg litt "arbeidsledig", på ein måte. Dei kjem laurdag i staden, ballettimen til Amanda vart flytta. I morgon er det pensjonistfest og onsdag skal vi på boklansering i Ulsteinvik, så då har vi program for denne veka.Elles har eg mykje eg kunne ha gjort, men vil vere mest mulig ute i fineveret.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
Lukke til med pensjonistfesten!
Legg inn en kommentar