lørdag, januar 08, 2011

Vermelding 8.januar 2011

Klokka er 13.30,temperaturen er minus 1 grad. Det er overskya og opphaldsver.
I går var Nils på taket og moka vekk noko snø på den enden av huset der det er færrast berevegger. I dag er han og Hassan i Grepalia og tek taket på huset som Nils passar. Vi var litt i tvil om det var naudsynt, men når naboane rundt omkring begynner å moke, er det best å vere på den trygge sida. Hus i Ørsta som er bygde i 1979 eller seinare er dimensjonerte for større snøtyngder enn eldre hus. Vårt hus er bygt i 1973, men huset i Grepalia vart bygt i 1978 og så flytta dei inn i -79. Derfor er vi ikkje heilt sikre på korleis det er dimensjonert. Vi har mykje snø, men ikkje halvparten så mykje som i fjor. Enno.
Eg har brukt f.m. til mellom anna å ta ned julegardinene på kjøkkenet og styke og henge opp dei vanlige gardinene. Dei skarpsynte ser det kanskje på bildet. Den einaste julepynten som er att no, er juletreet på veggen, men leidninga ligg under snøen, så det er ikkje berre enkelt. Eg har laga pannekakerøre og steikt flest, så snøryddaren skal få noko å styrke seg på når han kjem heim.God helg ønsker vi alle blogglesarane.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Ja, ser at vi har dei same aktivitetane på gang.
Det er godt at snøen på taket er kome ned. Huset vårt vart og bygd i 1972.
Eg lurer litt på kva for eit hus i Grepalia de mokar.

Besta sa...

Det er huset til Åse Margrethe Leite (Pilskog)-vi er ikkje sikre på kva som er Grepalia og kva som er Sjagerlia.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...