fredag, januar 07, 2011

Vermelding 7.januar 2011

Klokka er vel halv to, og akkurat no slutta det å snø. Temperaturen er minus 2 grader C. Snødjupna nærmar seg 1 meter.Vi har vore og sett til huset Nils passar, men der er ingen overhengande fare. Likevel kan det hende taket må lettast litt. Nils har i alle fall tenkt seg opp på vårt tak for å ta bort noko snø. Ja, snøen skaper arbeid for mange; både plogar og gravemaskiner er i full virksomheit rundt omkring i bygda.
Vi kom nettopp att, har vore ein tur på biblio og på eit par butikkar. No skal vi ha oss ein kaffikopp og litt mat; middag blir det seinare når "arbeidsdagen" er over.
Dagens bokfangst på biblioteket.

2 kommentarer:

solveig sa...

Hald på Harlan Coben! Vi skal vel feire Håkon om ikkje så lenge hint hint

Besta sa...

Ja, han brukar å vere god,så eg skal spare boka til deg.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...