mandag, januar 31, 2011

Vermelding 31.januar 2011

Klokka er ca 12.45. Temperaturen er + 3 grader, det er heilgrått og regn i dag. Ein dag då det er best å vere inne.
For oss blei det ein Mall-walking-day, enda om vi ikkje skulle kjøpe så mykje. Vi hadde eit ærend i Volda, og tok oss ein tur innom Spinneriet også. Spinneriet var ein gong eit spinneri, no er det kjøpesenter, pluss at utestaden Rokken held til i bygget. Vi stoppa på Møbelringen i Hovdebygda det vi kjøpte ei slags bokhylle som eg skal ha under vinduet på datarommet, så får eg ein stad å sette frå meg alle orkidéane som står på vent -til dei finn det for godt å blomstre. Hylla er flatpakka, så det blir sikkert ein festlig ettermiddag! Sjølvsagt var det litt vi måtte ha på Amfi også.Vi skal lage oss lapskaus til middag i dag. Prøver å bruke diverse restar frå frysaren.Før helga koka vi plommesylte av ferdig vaska og rensa plommer som vi fraus sist haust. Kjekt å ha.
Kos dokke så godt dokke kan i styggeveret!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

De er flinke å ta dykk ut, men så har de ein del store butikkar i nærområdet. Må nesten gå innadørs denne tida. Her er det litt smått med butikkar endå, synd vi ikkje fekk Biltema, Claes Olson eller noko liknande i det tomme Lidlbygget. Rema 1000 kjøpte det, og no står det tomt til Expert kan flytte inn når leiekontrakta med Moengården nord går ut om x antal år. Trasige greier.

Besta sa...

Det er ikkje alltid vi kjøper så mykje på Amfi, vi går like mykje for å treffe folk.
I dag hadde vi eit ærend i Volda, skulle levere Einar sine hybelnøklar til Mari Anna, søskenbarnet hans, som skal låne hybelen mens han er i England.Audun reiste til Sør- Afrika i dag.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...