tirsdag, januar 25, 2011

Vermelding 25.januar 2011


Klokka er no ca 11.00. Temperaturen er minus 2,5 grader. Vi venta sola i dag, akkurat då ho skulle komme, skya det til litt.Men vi fekk sjå den litt seinare ei lita stund.Nils for ut og skulle fiske i fineveret.
Kl.12.30: No har eg hatt besøk av ein journalist frå Møre-Nytt som har intervjua meg om kva bøker er likar å lese. Håper ho får noko fornuftig ut av det.
Kl.15.30: No har vi ete oss stappmette på sei frå forrige fisketur.
I dag vart det storfangst på sei. Hassan var med, og han er ein flink fiskar, men skal ikkje ha noko av fansten sjølv, så "da blir det mer på oss". Nils påstår at det er den største fangsten han nokon gong har hatt med seg heim i Starevegen. Han sløyer på sjøen for det meste, men så skal han filetere. Då reknar eg med at han har program for morgondagen. Han likar å henge opp fisken over natta.Sei kan godt ligge kaldt anten ute eller i kjøleskaper i fleire dagar viss ein skal steike den.Den vi hadde i dag var fiska sist fredag, og den var nydelig. Sei er ein fantastisk fisk som kan varierast i det uendelige.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt å få sola tilbake, vi må nok vente 3-4 veker til. Eg skulle vore nøgd om gangvegar/fortau hadde blitt berre slik at ein kunne gå tur utan fare for beinbrot. Gled meg til å lese intervjuet ditt med Møre-Nytt. No blir det vel snart eidatur, vel?
Eidabesta

Besta sa...

Vi har snakka om å ta ein tur bortover med fisk.Passar det torsdag? Nils vil gjerne male fisk på handkverna viss du er interessert i å lage fiskekaker. Då slepp han å vere så nøye med beina når han fileterer. Skal skrive ein mail seinare.

solveig sa...

I morgon reiser journalisten til Volda, då nyttar vi høvet til å ete sei...

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...