søndag, januar 16, 2011

Håkon fyller 17 år - tysdag den 18.januar.

Håkon kom til verda i OL- året 1994, og i det året var namnet sælig populært. No skal eg ikkje rippe opp i alt som har skjedd  i alle åra etterpå, det er ikkje sikkert bursdagsbarnet ville like det. Men sidan Solveig har lagt ut bildet av serviettane ho skal dekke med i morgon, vil eg komme med historia bak.
Då Håkon var liten var han særdeles lærenem, og konsentrerte seg om å tileigne seg kunnskap. Det gikk i rykk og napp, og det var ein ting om gongen. Her på Sunnmøre kallar vi det "feme"- andre stader "dille" etc. Før guten var 2 år hadde han t.d. lært seg "namna" på ca 150 flagg, utan å vite kva eit land eller for såvidt eit flagg var.Rasmus og eg plar kalle slik kunnskap "Marius-kunnskap" (Flere byer i Belgien).
Den neste store fema var fuglar, og den varte i mange år og vart meir enn ei feme. Ein gong, og då var han ikkje stor, sat han og såg på at eg drakk kaffi av koppen på bildet. "Ser du pip-pipen, Håkon?" spurde eg. "Eke pip-pip, de e ei båmeis", var det korrigerande svaret. Fugleinteressa har vart til denne tid, men har vel etter kvart kome litt i bakgrunnen. Men då eg såg blåmeis-serviettane på ein butikk i Fosnavågen før jul, tenkte eg:"Dei skal eg kjøpe til Solveig, og så kan ho bruke dei når Håkon har fødselsdag. " Og kva var det første Solveig sa då ho fekk dei?
Vi skal feire Håkon i dag, men kan vente med gratulasjonen til sjølve dagen.
PS: Koppen har tapt seg noko i fargen, men er framleis like heil.Den er av dyrt og fint beinporselen av merket Dunoon.Her handlar dei ikkje på dette merket lenger, men eg såg det i Kongsberg.No er krusa komne opp i nesten 300 kr pr.stk.,så eg kjøpte ikkje.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Artig og vemodig med minner frå borna var små. Ha ein fin dag på Hareid. Vi har Henning på overnatting/helga-besøk, han er ein artig og blid kar. Glatt og vått ute, så vi satsar på inne-aktivitetar.

solveig sa...

Guten var knapt to år då de hadde fått koppane.

Elin sa...

Desse småborna er berre herlege, og det er kjekt å følgje utviklinga deira! Blåmeis er min favorittfugl, forresten. Har ikkje sett noko til ho i år.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...