søndag, januar 23, 2011

Bok nr. 6 - 2011: Jordmor på jorda.

Denne boka har eg lese i dag. Greidde rett og slett ikkje å legge den frå meg. Heldigvis er den berre på 4 CD-ar. Boka handlar om jordmora Marta Kristine, ei av formødrene til forfattaren. Ho vart fødd på slutten av 1700-talet, og "bakteppet"  i boka er m.a. dei politiske hendingane først på 1800-talet, med Napoleonskrigane, grunnlova som kom til i 1814, men som ikkje førte til fridom av Norge .Om krigar og fattigdom blant delar av folket, og rikdom hos andre .Det meste av boka handlar om jordmødrene sitt arbeid, og kampen for å få ei formell og god utdanning.Eg treng ikkje å skrive meir om innhaldet, det kan de lese sjølve.
Boka er sjølvsagt skriven på nynorsk. Og for eit språk! Det er så vakkert at det er reint poetisk. Og det blir ikkje dårlegare av at forfattaren sjølv les.
Eg trur at alle vaksne kvinner, anten dei har født barn eller ikkje, vil elske denne boka. Eg vil i alle fall anbefale den på det varmaste.
PS: På Ariel sin blogg vil de finne ein betre presentasjon av boka.

6 kommentarer:

arieldog sa...

Kanskje eg kan låne denne på direkten? Den høyrest interessant ut!

Besta sa...

Sjølvsagt kan du det.

solveig sa...

Eg likar svært godt Hoem sine bøker, og han har ei av Noregs vakraste stemmer!

Besta sa...

Den aller vakraste lydbokstemma har Jan Erik Wold-det er musikk.

Elin sa...

Denne boka må eg såklart lese!

Besta sa...

Les LYDBOKA, Elin. Hoem si stemme gir boka ein ekstra dimensjon!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...