mandag, januar 03, 2011

2011: Bok nr. 1 : Fyrvokteren

Den første boka eg avslutta i det nye året, er ei bok av Camilla Læckberg. Eg har lese alle krim-romanane hennar,og sett filmatiseringa av nokre av dei på TV. Så vidt eg kan bedømme (og hugse) er dei alle sydd over om lag samme lest. Ho brukar ein ekstern forteljar som går inn i "alle hus" og fortel oss kva som skjer. Vi får høyre om privatlivet til alle,og vi får høyre om tallause kaffi-og tekoppar,bollar og kavringar. Vanleg er det også med ei historie frå fortida -så også i denne boka.Nytt er det kanskje at "dei døde" er nærverande i delar av historia. Spøkelseshistorier er visst in for tida.
Her er mange lause trådar som skal nøstast opp, og til slutt går eitt og anna opp også for folka på politistasjonen på Tanumshede. (Som vanlig er mesteparten av historia lagt til Fjællbacka). Men sidan vi veit meir enn dei, har vi forstått mesteparten før, og irriterer oss over treige og udugelige politifolk som manglar innsikt og fantasi.
For å provosere har eg lyst å kalle denne boka husmorkrim - ikkje fordi den høver best for denne yrkesgruoppa, men fordi her er så mykje fokus på trivielle daglige gjeremål som ikkje har noko med oppklaring av brotsverka å gjere. Eg har lært at ein ikkje skal ta med slike detaljar utan at dei har ein "misjon" i forteljinga. Her blir det berre prat og pjatt. Eg har kritisert bøkene til Læckberg for dette før, men i denne boka var det enda verre enn i dei andre. Skal ho halde fram som Sveiges krimdronning, må ho legge om stilen. Det er mi høgst subjektive meining.
Så kan de spørje kvifor eg les bøkene hennar. For det første er det ikkje mange lydbøker på biblio eg ikkje har lese. For det andre har dei ein viss underhaldnings-verdi. Og for det tredje var vi i Fjællbacka sist sommar, vi overnatta på Tanumshede, og det er alltid litt artig å sjå landskapet for seg når ein les.Bildet under har eg tatt frå hamna i Fjællbacka. Det er for øvrig fødebyen til Ingrid Bergmann.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har ikkje lese bøkene, berre sett filmatiseringane.

Besta sa...

Filmane er betre, for der slepp ein alt "fyllstoffet"-det er ikkje nødvendig med så mykje bollar og te, og så mange bleier og kaffikoppar.

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...