mandag, oktober 04, 2010

Vermelding 4.oktober 2010

Klokka er no 15.30. Temperaturen er +15 grader og det er overskya og litt regn. Det har vore litt vind også, men no skal Nils og Hassan snart ut og drage teinene som dei sette ut på laurdag. Då er det håp om krabbefangst. Nils fekk forresten ein hummar sist han drog teiner, men sidan det var ein rognhummar, sleppte han det uti igjen, som den lovlydige borgaren han er.
Det vart litt trist no at sola forsvann bak skyene, men så fekk vi eit herlig mildver som vi set pris på. I går kveld/natt då vi skulle legge oss var det + 19 grader ute på trappa. Det er sjeldan kost om sommaren også.
I dag har eg ikkje gjort mykje som er noko å skryte av, fekk eit anfall av pur latskap, men energien kjem vel att med tid og stunder. Onsdag ventar vi besøk av Margrete og ungane og av Einar, så vi har no det å sjå fram til.Ventar med å legge inn bilde til Nils er tilbake med fangst.
Klokka 20.00: Krabbane er på veg til gryta.Ikkje så stor fangst i dag heller.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2023: 18. desember

  Gard Bjørnstjerne Eidsvold har fått "Gullruten " for rollen  som Quisling Klokka er no 16.01, temperaturen på trappa er +3 grade...