Klokka er no ca 13.40. Temperaturen er eventyrlige +19 grader C, berre synd at det regnar litt av og til, elles kunne eg lagt meg ut på altanen med lydboka mi.Hostaen på bildet over har stått i ei potte og pynta opp ute i singelen heile sommaren med sine grøne og kvite blad. No gulnar den, men er ikkje det fint også, då?
Vi skulle nedover i dag for å handle inn til gammaldags middag til morgon, blant anna, men eg skulle også på biblio og ein tur til Målar -Olav. Brukar å gå og snoke etter nye stovegardiner både titt og ofte, så det første eg sa i dag var:" I dag skal eg IKKJE sjå på gardiner!" Men så fekk eg brått auge på GARDINENE. Eg hadde ei veninne med meg og kika ein gong, ho gav meg eit godt råd: " Kjøp ikkje gardiner før du finn nokre som du fell for med ein gong." Det gjorde eg i dag, så no skal eg berre ta ein bitteliten tenkepause, før eg bestiller dei, ferdig sydde.
Som vanlig rota eg i restekassen, og i dag fann eg meg duk til det nye salongbordet. Har lagt prøvelengda på slik ho er, men skal klippe, sy og stryke litt før duken er ferdig til bruk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar