fredag, oktober 08, 2010

Vermelding 8.oktober 2010


Klokka er 14.30, temperaturen er + 17 graderC og hittil i dag har det vore strålande ver.No har det kome nokre lette skyer, men eg skal legge meg ut på altanen likevel, det gjeld berre å pakke seg inn.
Nils har vore ut og drege krabbeteiner og fiska før middag, så det blei kokt småsei til middag i dag. Det må no vere minst ei veke sidan sist? Han fekk berre to krabbar, men det få klare seg.
Eg har gjort lite og ingen ting; ryggen min sviktar meg, så eg er ikkje mykje tess for tida.Sjølv om det på mange måtar er sommarleg ute, har skogen fått haustfargar.Kjekt for dei som har hatt haustferie denne veka at det blei ein slik fin dag på tampen av ferien.Og så får vi håpe på fint ver neste veke når resten av landet skal feriere.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025:15.desember

              Eg saknar ikkje snøen, sjølv om eg synest det er fint med kvit jul.             Men eg må rydde litt på tunet, ser eg. Klokka ...