lørdag, oktober 09, 2010

Vermelding 9.oktober 2010


Klokka er no snart 15.00 og temperaturen er +15 grader C. Det er lettskya og litt sol. Vi har nettopp ete ein betre middag med steikt makrell, så no kan det smake med ein middagslur på altanen med Min kamp 3 som eg har henta på biblio i dag.Fekk også tak i ei anna bok som eg ønska meg, Potensgiverne. Dessutan fekk eg bibliotekaren til å bestille lydbokutgåva til Lars Saabye Christensen si siste bok. Den som Margrete nettopp har lese. 
Vi var også ein tur innom Amfi og handla litt mat, og så var eg på Målar-Olav og lånte heim gardinlengda som eg har sett på, så no skal det bli prøvehenging i løpet av helga.Til middag blei det steikt makrell med rårivne gulrøter.
Posted by Picasa

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Interessant med Knausgård hos Skavland i går kveld. Må nok lese bøkene med tid og stunder. Du gjer nok ein god jobb for bibliotekaren, vil eg tru. Her er utvalet av lydbøker heller lite, blir vel fokusert mest på å støtte opp om vg. skule i og med at bibl ligg i skule-/operabygget. Kos deg med boka og ha ein fin søndag!

Besta sa...

Det var då eg blei så skrøpelig at eg begynte å lese så mykje. Hadde lenge vore plaga med eit auge, så då vart lydbok løysinga.Viss ein vil, kan ein strikke eller gjere andre ting samtidig. Dei er veldig hjelpsomme og kjekke på biblio her.Viss eg spør etter ei bok dei ikkje har, skaffar dei den, og eg får melding på mobilen.Ha ein fin søndag dokke også.

Dagbok 2024: 20.mai

 Klokka er no 18.07, temperaturen ute er  + 19 grader, og sola skin. Det har ho gjort i heile dag, men på føremiddagen var det litt kjølig. ...