tirsdag, september 28, 2010
Vermelding 28.september 2010
KLokka er no 17.00. Temperaturen i skyggen er + 14 grader, men vesentlig høgare i sola. Etter middag har eg lege på solsenga på altanen og kokt, er redd å kle for mykje av meg på grunn av gikt.
Før middag laga eg ein stor porsjon seiburgerar, så det vart også middagen i dag. Oppskrifta ligg på bloggen, men vi brukar poteter i staden for hamburgerbrød.Og med rikelig salat til, blir det eit godt måltid. Sist eg laga slike, hadde eg kvitløk i, i dag tok eg grasløk i staden, for kvitløken heldt på å forpeste heile frysaren, til tross for at fiskekakene var pakka i plast. Etter at eg var ferdig med fiskekakene vaska og rydda eg kjøkkenet+ badet.
No held Nils på å klipper plenane, truleg for siste gong i år. Eg tok bilde, men med det same eg sette minnebrikka i laptoppen, vart skjermen svart. Det same skjedde i går, men då tok eg ut ledninga og let maskina gå seg tom for straum, så var den heilt i orden igjen.No prøver eg same medisinen i dag. Har lagt inn bilde før i dag, og då hende det ikkje noko gale.Eg forstår meg ikkje på slikt.
Seinare: Det virka i dag også, så no er bildet her.
Som de ser er Thujaen meir brun enn grøn, men der kjem nye grøne skudd mellom alt det brune, så vi ventar enno ei stund før vi dømmer den til døden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 18.desember
Det er lys i mørketida Klokka er no 19.55 Temperaturen ute er +9 grader C, ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
1 kommentar:
Her er det rim på marka om morgonen, men når sola kjem blir det godt og varmt. Sola reiser vel for vinteren om 3 veker.
Legg inn en kommentar