Klokka er 17.15. Temperaturen er + 14 grader og det er opplett. Det skal visst bli betre ver på sikt. Håper det, for dette våte veret er ikkje godt for gikta!
Nils var ein liten tur nedover f.m. mens eg støvsuga til helga. Best å vere ute i god tid.
Naboane nedanfor oss driv og flyttar, dei har kjøpt seg leilegheit i Ålesund, men er ca halve året på Gran Canaria. Det var snakk om at Nils skulle hjelpe til, derfor utsette vi middagen. Det blir sein middag i dag.
Det har vore dårlig klestørk i det siste, men i dag fekk eg ta inn att denne duken. Som så mykje anna av det vi har, stammar den frå restekassa hos Målar-Olav/ Stil og stemning. Det er ei gardinlengde av typen "lystett". Reknar med at andre har samme erfaring som eg når det gjeld dette stoffet. Mi maskin nekta i alle fall å sy det, så eg måtte til med hand. Etter mykje strev og såre fingrar fekk eg laga ein fald i kvar ende, men det er synd å seie at det vart pent. Sidene gav eg opp.Duken er suveren til kvardags, dette stoffet er virkelig strykefritt!
2 kommentarer:
August?
Hadde litt trøbbel då eg skulle legge inn innlegget i går, og då har denne feilen snike seg inn.No er det retta.
Legg inn en kommentar