På Face Book reklamerte Bodil for eit program som hadde gått på NRK 1, og no har eg sett det på data.
Programmet heiter Det brente skipet, og det var veldig interessant.
Viss ein reiser gjennom Nordfjoreid til Lote, på den nye vegen, over det som før var markar og bøar, går vegen mellom to gravhaugar. Vi kalla dei Store-Skjoratippen og Lisje-Skjoratippen. Det var forresten tradisjon å ha russedåp på Store-Skjoratippen grytidlig om morgonen 17.mai.
Eg har alltid visst at det var to gravhaugar og at dei hadde funne "noko" der som var på eit museum i Bergen. Men så viser det seg altså at desse gravhaugane skjuler ei spennande historie frå Vikingtida som eg aldri har høyrt før.
Eg vil anbefale andre å sjå dette programmet, det er både lærerikt og interessant.
Takk for tipset, Bodil!
http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/661230/
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar