Eg synest ikkje ein skal vere FOR private her på bloggen, men må likevel få lov å fortelje ei sengehistorie frå sist natt.Og for dei som ikkje er heilt orientert, må er fortelje at Nils, mannen i huset, er veldig glad i å plystre, han plystrar stort sett heile dagen, men plar halde opp om natta.
I går kveld då eg la meg, kopla eg lydboka til eine øyret, som vanlig, det er god sovemedisin. Og somna gjorde eg ganske kvikt, men vakna etter ei lita stund av ein skingrande plystrelyd. "No er mannen blitt galen", var det første eg tenkte då tonane til "Hei hå! Hei hå! " frå Snehvit tona gjennom rommet. Vurderte å vekke han, men tenkte han kunne få plystre ferdig, då eit lite lys gikk opp for meg. Det var frå lydboka tonane kom, og mannen som plystra var den galne, kattedrepande Johnny Walker i Kafka på stranden.Hadde litt problem med å somne igjen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 21.mai
Klokka er no 17.32. Temperaturen ute er +25 grader C, og sola skin. I dag har det vore varmt heilt frå morgonen av, så vi var ikkje heilt be...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
3 kommentarer:
Musikk og gauling er ikkje noko særleg heller ...
Du meiner på lydbok...går eg ut frå. Eg har lese denne boka før, men hugsa ikkje plystringa. Det kjem eg til å gjere no.
Eg hugsar heller ikkje plystringa, men lo godt av historia!
Legg inn en kommentar