mandag, juni 07, 2010

Stell av orkidear.

Eg har ofte diskutert med blomsterkyndige kva ein skal gjere med orkidéar som er avblomstra. Klippe dei ned eller ikkje? Eg har prøvd begge delar, og begge delar går bra, men dei eg ikkje klipper, vert berre lenger og lenger i stilken. Den som er på bildet, kjem att for andre gong, og eg synest den er passe høg. Viss de ser godt etter vil de sjå at den har vore klipt nesten heilt ned.
Dei fleste orkideane mine står i glaspotter, men ikkje denne. Det går like bra.Er plaga med algevekst i glaspottene, og det ser ikkje pent ut.(Eg må vaske pottene fleire gonger i veka). Tek imot alle gode råd om stell av orkidear, har faktisk ganske mange.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 22.april

Før var eg ikkje så interessert i fjell for fjella heime på Eid var ikkje så spesielt flotte. Men no ser eg fine fjell overalt, særleg når d...