torsdag, april 29, 2010

Shopping.

I dag var det grått og trasig ver, og eg hadde eigentlig ikkje lyst til noko; då er det berre ein ting som hjelper:shopping.
Vi hadde diverse ting på ønskelista, mellom anna ei kasse til å ha puter etc. i på altanen. Dei var på tilbud på Jernia. Vi kunne kjøpt i Kongsberg, men rekna med vi fekk her også, og det gjorde vi. Eg har lenge ønska meg nye, lyse kjøkkengardiner, gjerne kvite, og i dag kjøpte vi. Desse skal eg sy sjølv, ein saum oppe og opplegg med hand nede, det kan sjølv eg greie. Har hatt så mange mønstra og fargerike gardiner at no var det på tide med kvitt.
På Amfi trefte vi mange andre pensjonistar, særlig på apoteket, der det er fryktelig lang ventetid. Fekk snakka med mange som eg ikkje har treft på lenge.
Siste stopp var biblioteket.Nils fann ein gammal partikamerat og vi vart sittande å prate.Vi hadde eigentlig tenkt oss på Felleskjøpet å sjå på kaninbur også, men så fann NIls på å spørje kameraten om han hadde. Det hadde han ikkje, men ei ung dame som overhøyrde samtalen, fortalde at ho hadde eit bur utan kanin som stod fram på Åmdalen hos foreldra hennar. Det kunne vi få, og viss vi tykte det var verd noko, kunne vi betale etter som vi syntest. Så neste utflukt blir fram på dalen-kanskje i morgon?

3 kommentarer:

solveig sa...

Eller ein tur i løda og sjå på kaninungar? Nei, eg trur mora må få fred. Olaug skal sjå kattungen i morgon. Fine gardiner!

arieldog sa...

Det er no ei som gledar seg veldig til å få kanin! Fine gardiner, ja!

Besta sa...

Gardinene er ein litt meir gammaldags stil enn dei eg brukar å ha. Men dei er nye av året- på butikken også.

Dagbok 2024: 27.april

 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore ein fin dag med sol og varme, så det gjer ikkje noko om det blir litt ka...