torsdag, februar 04, 2010

Vermelding 4.februar 2010

Same fine veret i dag også.
Klokka 12.30 var det minus 6 grader C og strålande sol. Er ikkje heilt sikker, men trur ikkje sola var bakom hornet i dag.Nils har drive og flytta vekk snøen frå tunet.Den som han tok frå taket i går.Skaper ein del arbeid , den snøen, men fin er han.Lurer på ein liten sparktur i dag også. Strikka ferdig eit vottepar mens eg såg frokost-TV.Har slått meg på tova vottar i år, men så blir det vel mildver før dei kjem i bruk?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 25.mai

Klokka er no18.30, temperaturen ute er +11 grader C  og det har regna meir og mindre i heile dag, men eg har ikkje vore ute for ei dør.  I g...