onsdag, februar 24, 2010
Vermelding 24.februar 2010.
I dag har det vore noko tull med bloggen, eg har ikkje fått til å laste inn noko. Tok bilde klokka 10.30, men har hatt problem med å legge det inn. I dag har det vore meir og mindre overskya, snøa har det også gjort, utan at det merkast så mykje på snødjupna.Temperaturen har lagt på minus ei grad, sånn cirka.
Solveig og Margrete + ungane har vore på besøk og vi har feira Feitetysdag litt på etterskot, eller Grautatysdag som mange seier her, fordi menyen denne dagen er rømmegraut. Ved å utsette feiringa av det feite, blir fastetida litt kortare og dermed til å halde ut.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Kjekt med besøk av barn og barnebarn. Vi har hatt Ingrid, Stein og Kristine på middag. Ingrid har vore i stallen i mange timar og Stein og Kristine har vore i Stigedalen i lag med Margunn og Bjørg og jentene hennar. Nye fotballsko på Kristine i dag - stor stas - lokka faren med på kunstgrasbana etter middag. I morgon kveld kjem Hans på helgaperm og Stig frå studieperm, skal bli kjekt å treffe dei igjen.
Eidabesta
Ja, vi er heldige som har barn og barnebarn så nær at vi ser dei relativt ofte.Øystein skal kome att frå København i dag,men Audun kjem ikkje heim før midt i mars.Einar er ofte heime sidan han jobbar turnus.Ungane til M. skulle vere med faren på Reset(skitrekk) i dag; M.har ein rettebunke i ferien.
Legg inn en kommentar