lørdag, januar 02, 2010

Beste bok 2009.


Sidan begge døtrene har kåra årets bok, kan ikkje mora vere ringare. Eg har dessverre svært dårlig minne, så eg er glad for at eg noterer litt om kvar bok med det same eg har lese den ut.
Eg har lese mange bøker siste året, og mange har gjort sterkt inntrykk på meg.Kan nemne t.d.Åsne Seierstad si dokumentarbok De krenkede, Det tause huset av OrhanPamuk ,Huset ved moskéen av Kader Abdolah  og mange andre.De finn dei på bloggen min.Men den som eg bestemte meg for var Kneleren av André Brinck.
Som de kanskje har oppdaga likar eg særleg godt å lese bøker frå andre land og kulturar.
Den er, som eg skreiv etter å ha lese den, heilt magisk.

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Godt nytt år frå oss på Os!

Elin sa...

Så flott tur de har hatt! Heldige med veret, og alt. Men det er no kjempelangt å køyre på ein dag? Boka di har eg ikkje lese. Blant dei eg har lese i år er det La meg synge deg stille sanger som har gjort størst inntrykk. Men eg har ikkje lese så mykje. Likte godt Senor Peregrino også.
Godt nytt år! Trur eg seier to tusen og ti, veit ikkje heilt...

solveig sa...

Eg vurderte også den boka!

Besta sa...

Det er veldig vanskelig å velje EI bok, for bøkene er så ulike og appellerer på ulik måte.Eg tok ikkje krimromanar med i vurderinga.
Fleire av bøkene eg har lese siste året har eg planar om å lese om att.

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

  Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. Kvit jul er det i alle fal...