onsdag, november 11, 2009

Bok nr.74: En kule.


Denne boka handlar om økonomisk kriminalitet, kort fortalt.Det er svindel på børsen, plassering av pengar i skatteparadisa rundt omkring i verda osb.Ein må minst heite Eva Joly for å forstå det som skjer. Dette er ikkje eit emne som eg har særlig kjennskap til, så eg trudde først at eg kom til å dette av lasset ganske fort.
Men så skjer det! Det blir interessant og til tider uhyre spennande.Forfattaren greier å forklare dei ulike hendingane i meglarverda på ein måte som gjer det mulig å følge med. Boka er svært velskriven og ryddig, slik at ein greier å henge med sånn nokonlunde. Slutten vart svært brutal,noko som høyrer med til sjangeren.Eg såg det heile i fantasien som ein amerikansk "action-film".Eg kan tenkje meg at dette er ei bok for Solveig. Og kansje Eidabesta? (Då tenkjer eg på pengetransaksjonane-ikkje brutaliteten).

7 kommentarer:

solveig sa...

Eg har ein kollega som absolutt ikkje likte denne boka, men eg har lyst til å lese den,ja...

Besta sa...

Likte og likte......Den var ikkje direkte oppbyggelig,då,og svært blodig på slutten. Godt og konsist språk+ spenning var det positive.Og så trur eg alltid at eg skal lære noko i bøkene. Her PRØVDE eg å forstå kva som skjer ved aksjesal m.m.

Hildegard sa...

"En kule" er debut-boka hans frå 2001. Har lese "Hvitvasking" som var bok nr. 2, den var også spanande. Forfattaren er både siviløkonom og ingeniør - og har jobba i bank - så han skulle vel ha greie på det han skriv om?
Eidabesta

Besta sa...

Denne LYDBOKA var heilt ny, så Hvitvasking er kanskje ikkje komen som lydbok enno?
Du forstår nok meir av den pengeflyttinga enn det eg gjer, likevel greidde eg å følge med til ein viss grad.

Besta sa...

Den einaste boka eg fann på biblio i dag som eg ikkje hadde lese var Prfitøren av samme forfattar......eg lånte den.

Besta sa...

Profitøren

solveig sa...

Kollegaen min har sagt eg skal få papirboka om eg vil lese den, og han vil ikkje ha den tilbake....
Viss eg må prøve å forstå økonomisk kriminalitet, så veit eg ikkje...
Eg ser du har herma med LinkWithin, så no poppar "gamle" bøker opp, artig!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...