tirsdag, juli 14, 2009

Bok nr.45: Lillian Leybs utrolige reise


Denne boka vart med heim frå biblioteket ved eit mistak, for eg oppdaga fort at eg hadde lese den før.Men som de veit, les eg gjerne bøkene om att, og sidan dei andre bøkene eg hadde lånt virka litt tunge, fekk denne vere med på tur.Eg hugsa den som ei enkel og lettlesen bok.
Eg ville heller brukt ordet eventyrleg om reisa, for her finn vi alle eventyrets ingrediensar.Lillian har eit prosjekt:Ho vil finne dottera si, og ho reiser langt og lenger enn langt. På vegen møter ho menneske som vil hjelpe henne, og folk som stikk kjeppar i hjula for henne.Dette fekk meg til å tenkje på skjema for eventyrsjangeren.
Eit av kapitla heiter Frendeløs, den boka har vi vel lese nokon og kvar,og det er mykje her som minner.
Dette er ikkje ei vanskelig bok,men ein roman full av dramatikk og handling.Lillian er ikkje ei grublande kvinne, men gjer det ho MÅ i situasjonane ho hamnar i, utan å reflektere særleg over kva som er rett elle gale.
Boka er lagt til USA og Canada på 1920-talet og framover. Det som er spesielt, er at vi får vite korleis det går med hovudpersonane resten av livet, etter at dei er ute av handlinga.
Siste delen av boka las eg i eitt-det er kanskje derfor eg likte den best.
Er du på jakt etter lett underhaldning på solsenga, er denne boka ikkje å forakte.

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Imponerande leseliste du har. Eg er nesten skamfull over kor lite eg les bøker, får skulde på at eg ser mykje TV. Nydeleg bilde av kornblomane dine som topping.
Eidabesta

Hildegard sa...

Bomma kanskje litt? Eg meinte blomkarse!
Eidabesta

Besta sa...

Eg les ein del men Nils ser fotball på TV.Men eg hadde aldri lese så mykje om eg kunne ha gjort alt anna. Det fine med lydbøker er at ein kan lese samtidig med at ein gjer andre ting også.

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg skulle gjerne ha handla med meg litt mat frå Svenskegrensa heim, men vi visste ikkje kor langt vi kom den dagen. Vi for frå Charlottenberg klokka 21 og var heime før i femtida om natta, så eg kunne visst ha handla likevel... Men det blei no ein del snop og colaboksar (mest for moro skuld..).

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...