mandag, juni 01, 2009

Biltur til Nordfjord.

Då vi vakna til fotsid skodde i dag, bestemte vi oss for at det var høvelig ver for BILTUR. Vi hadde ei rute klar, ein tur vi lenge har tenkt å ta, og endelig vart det noko av. Kort skissert:

Bil til Sæbø, ferje til Leknes, opp Nordangsdalen, til Hellesylt, Hornindal,Markane, Blakset,Fjelli,Hopland, Hennebygda,Lote, Nordfjordeid,Sigedalen, Bjørnaset-og heim att. Turen Blakset -Lote var heilt ny for oss, men eg kjende alle namna frå bygdene her frå før. Har høyrt dei fleste frå eg var lita. Vi stoppa ei stund på Hopland der vi kom i prat med ein mann. Eg kjenner mange som har tilknytting til denne vesle stupbratte staden og fekk spurt etter dei.Vi fekk også sjå brygga til Åslaug Haga -"much ado about nothing," spør du meg. Då vi kom til Bjørnaset, skulle dei akkurat ete middag, og det passa bra, for kaféar var det ikkje mange av langs ruta vår.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Kafé-Lars er som regel open :)

Besta sa...

Ja, der er det alltid mat å få! Og takk for det!Men det var ikkje tilsikta.

Dagbok 2024:12,november

 Klokka er no18.46, temperaturen ute er + 10 grader og det regnar; det har det gjort i heile dag, så vidt eg veit. Så eg måtte ta eit bilde ...