I går insisterte Solveig på at eg SKULLE lære meg å rippe lydbøker.Det er ikkje akkurat nokon heksekunst, så i dag rippa eg for første gong ei bok på mi eiga maskin. Latterleg enkelt. Så hadde Strikkemor(o) laga ein kollasj med katten sin som motiv, og då måtte eg prøve noko liknande med eitt av barnebarna.Dette bildet er absolutt første forsøk.(Fekk eit tips om å gå inn på Picasa.)Eg har høyrt at for å unngå å bli senil, skal ein lære seg noko nytt, helst kvar dag. Så no gjer eg så godt eg kan.
5 kommentarer:
Korleis lagar du slike bileter?
Det spørs om mormor må lære oss, eller vi skal lære kvarandre!
oss sjølve, skulle eg skrive....
Viss du ikkje har bildebehandlingsprogrammet Picasa må du installere det. Gratis! På t.d. Google.Så finn du ut resten sjølv, med t.d. å trykke på kollasj.Tippar at du finn ut meir enn eg på ei lita stund.Det er berre å prøve seg fram.
Kjekt at du fekk det til! Ein kjempesøt gut!
Legg inn en kommentar