fredag, februar 06, 2009

Ut mot havet.









































I dag skulle vi nedover og handle, men då fann vi (dvs.eg) ut at vi heller kunne ta ei handlerunde i nærmaste by. Og gjennom tunnelane bar det. Det gikk ikkje lenge før vi fann ut at kjøpesentera i Ulsteinvik var enda kjedeligare enn i Ørsta. Veret var så aldeles nydelig, så vi fikk den lykksalige ideen at FLØ måtte vere staden i dag.Og det var det. Så herlig å få sjå havet igjen, den store himmelen,sandstrendene, øyane.....................Vi kjørte så langt vegen gikk,bilda tok vi på tilbaketuren.



Legg inn nokre bilde , men må seie at det var ikkje lett å ta gode bilde i dag, for sola hang lågt på himmelen, så eg såg ikkje motivet på skjermen.

5 kommentarer:

arieldog sa...

Eg sat faktisk på jobb i dag og tenkte på fotosafari til Flø... Telepati? Eller berre ei felles forståing av kva som er vakkert her i verda. Eg har som fast uttrykk dersom det er fint v~er: "I dag er det sikkert fint på Flø..."

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjempefine bilder! God helg!

solveig sa...

Flott på Flø!
Det har blitt sossestrøket i Ulsteinvik! Dei skal visst få Moods of Norway-butikk. Elles så har dei galleri.

Hildegard sa...

Vakre vinterbilder, nr. 3 kunne kanskje vore eit målemotiv. Har aldri høyrt om Flø før, så dit må vi til våren og ta bilder.
Eidabesta

Besta sa...

Viss ein er i Ulsteinvik, køyrer ein vestover så langt vegen går, så er ein på Flø.Ikkje vanskelig å finne.Sommarkveldane der ute er eventyrlige, men flott om vinteren også. Det som er så spesielt er dei fine sandstrendene og steinane som stikk opp av vatnet fordi der er så langgrunt. Mange flotte motiv både å fotografere og måle.

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...