fredag, februar 06, 2009

Den første og den siste?


Den blå walkmanen(sørgelig blanding av engelsk og norsk) kjøpte Rasmus til meg for fleire år sidan, mens eg enno var oppegåande.Etter kvart som den eine plaga etter den andre melde seg, vart eg meir og meir glad i han.Han har vore ein robust type som har spelt av store delar av Ørsta Folkebibliotek. Ein dag ville han ikkje meir, og eg måtte kjøpe ny-ikkje berre ein men fleire gonger har eg skifta gåmann.Sist eg skulle ha,hadde dei berre ein einaste på El-kjøp her.No har den også vore i golvet X-antall gonger, så eg reknar med at han snart takkar for seg. Var innom både Expert og El-kjøp i Ulsteinvik og spurde etter walkmen,men då fekk eg vite at det var ein utdøydd rase! No Skal det vere Mp3 eller i-Pod. Greitt nok det, men dei spelar ikkje av CD-ane frå biblioteket utan at ein legg dei inn via datamaskin.Straks meir tungvint! Og tenk på alle lydbøkene dei har på biblioteket!

6 kommentarer:

solveig sa...

Men så ligg også bøkene på dataen. Viss du hadde hatt same som meg, kunne du lett legge over dei eg allereie har liggande på datamaskina mi. No har eg liggande 5-6 bøker som eg ikkje har lese + alle eg har lese sidan vi fekk ny datamaskin. Eg har altså noko å velje i. Når eg kom på besøk til deg, kunne eg velje av dine bøker. Eg berre nemner det..
Tungvint? Ei vanesak! Og så er den mykje lettare å drage på. Den slår seg av for kvar CD om ein skulle somne frå han.

arieldog sa...

Tungvint, JA! Eg måtte leite for å finne ein mp3-spelar med vanleg batteri, og eg irriterer meg over å måtte rippe inn CD-ane på datamaskina før eg får lagt dei inn på spelaren.

Besta sa...

Det er vel også eit spørsmål om vanar? No har eg vent meg til eit system som fungerer for meg.Men må ein legge om så må ein.

solveig sa...

Eg har prøvd å gå rundt med walkman. Det er tungvint, ja, for den som er van med MP3. Rippinga gjer du medan du er på data likevel. Dessutan kan du legge bøkene inn på datamaskina og levere dei attende til biblioteket.

Hildegard sa...

For eit par år sidan opplevde Svein det same som du då han ville kjøpe meg ein Walkman. Han følte seg utgått på dato. Eg har ein liten radio med spelar på som eg brukar, men må då halde meg i ein radius på nokre få meter. Biblioteka må vel gå over til det nye også, er spent på korleis det blir.
Eidabesta

Besta sa...

Det finst allereide noko som heiter Digibok, som ein ikkje treng NOKO utstyr for å høyre, men det blir vel ei stund før biblioteka får dei inn. Heldigvis kan dei sikkert bruke dei gamle innlesingane til ny teknologi, og det er vel eigentleg det som kostar.

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...