Vi hadde litt attelet for at dei to nye frysarane skulle bli ståande tomme, men no ser det ut til å ordne seg. I dag var Nils oppe i gryotta og drog garn. Han fekk ein stor fin lyr, og ein del mindre seiar. Vi hadde kokt småsei til middag og så blir det vel laga fiskekaker ein av dagane.Han sette ut line også, og drog den i ettermiddag.Han fekk nokre fine langer. Det er vel ikkje alle som trur meg,men "påstråla" lange er noko av det beste eg veit. Vi gløymer aldri den han fekk for to år sidan. Den som var over 17 kilo. Vi åt den opp til siste slutt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
5 kommentarer:
Eg må innrømme at det ikkje var min favoritt i oppveksten, men no synest eg det er kjempegodt!
Påstråla lange veit eg ikkje kva er, men... no vi har fiskar i familien har også eg blitt kjend med denne fantastiske fiskesorten. Likar han godt steikt i filet i omnen.
Påstråla er om lag det same som lettsalta. Ein strør salt på fisken ei stund før ein skal koke den.Det enkle er ofte det beste. Lange kan ein også tørke og bruke til t.d. bacalao.
Kjekt at gubben din har ein hobby som også er matnyttig. Håper dei unge skjønar kor heldige dei er som har ein fiskar i familien. Hjå oss blir det heller lite å fryse ned, men ein og annan fiskemiddag har vi no. Kjøpte nydeleg lettsalta torsk hjå Larsen i dag til frysaren, og det vart fiskemiddag då vi kom heim i kveld - inviterte Ingrid til middag, ho er så glad i torsk m/tilbeh. Eidabesta
Ja, vi er veldig glade så lenge Nils orkar å fiske til husbruk, for han og eg et enormt med fisk og fisken er dyr å kjøpe på butikken.No kan vi fråtse!I morgon skal vi ha påstråla lange!
Legg inn en kommentar