lørdag, november 22, 2008

Ein nydelig dag.


Som de ser av head-ingen, er det vidunder-lig vakkert her i dag. Ørsta er vakrast om vinteren, har eg alltid hevda, og det står eg ved.Men medaljen har ei bakside:Det må mokast, og det er fullt ut Nils sin jobb, så lenge han orkar det. I dag ymta han frampå om å kjøpe snøfresar til våren når dei kjem på tilbod.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Ørstafjella i snø og sol gir meg nesten klump i halsen...

Besta sa...

Berre så synd at fineveret varer så kort. Då vi kom att frå Vik hadde det for lengst skya over.

Hildegard sa...

Ja, Ørsta er vel det ein kallar ei "snøhole", men no i desse klimatider kan ein vel vere glade for at det snøar og ikkje regnar?
Viktig å ta det roleg med snømokinga, elles kan det bli for hardt for hjarte til oss pensjonistane. Anbefalar snøfresar, men sjå bloggen min frå i dag. Eidabesta

solveig sa...

Eg har sett sønene i sving. Synest å hugse eg moka mykje snø i bin "barndom". I 6-tida var det sørpeføre utanfor butikkane. Eg måtte prøve ut joggeskorne. Kjøpe dei i 40 slik at eg kan ha tynne tjukkelabbar i dei.

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...