mandag, oktober 27, 2008

Den første snøen.




I kveld har det snøa heilt ned for første gong denne hausten. Reknar ikkje med at denne snøen vert liggande, men det er no ei påminning om kva som ventar oss. Sjølv har eg ikkje så mykje imot snø, no når eg slepp å ta ut på all slags føre i grålysninga.Det var annleis før. Vi var samde om det på treninga i dag at snø var greitt i desember og januar og kanskje februar.

Eg får vere litt poetisk å seie om snøen slik som det står i eit dikt (om noko heilt anna):"Dette vil ergre de store, men enkelte små vil det more."

3 kommentarer:

solveig sa...

Nei........
Her har det snøa ned i fjella, men det mørkna før eg fekk tatt fram fotoapparatet.
Snø før jul er berre ei plage. Den vert til slaps og sørpe.

arieldog sa...

Eg synest det er fantastisk flott, og i dag har eg sett ut vindauga på jobb det meste av dagen. No i ettermiddag har eg gått tur med hundane i klar, kald luft. I barnehagen hadde dei brent bål og kosa seg ute mykje av dagen.

Besta sa...

Ja, i dag har det vore nydelig! Sol og snø; lyst og fint.

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...