mandag, juli 14, 2008

Millennium-skifte.


Den 14.juli år 2000 var det bryllaup på Mauritius. Sikkert ikkje det einaste, for det er populært å gifte seg der. Det var der Wenche og Rasmus valde å gifte seg, langt borte frå slekt og venner, men med ein fin og romantisk bakgrunn av sol, sjø og palmar.Så vidt eg veit vart dei vigde av ein indisk dommar, hotellet stilte med vitne, og ein mann spela Norwegian Wood på gitar.Ikkje heilt tradisjonelt altså.No har det gått 8 år og familien har auka frå 2 til4.

Vi gratulerer med dagen!

Kan også nemne at det er fødselsdagen til mamma/mormor/oldemor Amanda som vart fødd 14.juli 1904.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer med dagen!
Eidabesta

solveig sa...

Vi føyer oss til gratulantane.
I vår barndom var det ofte mormor vi feira i Sverige. Sei meg, det er kronprinsessan Viktoria sin fødselsdag og? Var vi i Sverige det året ho vart fødd?

Besta sa...

Ja, vi var i Sverige og venta på at kongebarnet skulle komme til verda, men det drog ut så vi reiste heim den 14., og kom til Eid mens mamma enno hadde fødselsdag.Victoria vart fødd før midnatt same kvelden. Så du hugsar rett.

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...