Meininga var å ta ein liten omveg t.d. til Østfold og Sverige FØR Kongsberg, men Rasmus meinte vi skulle komme direkte, og slik vart det. Fredag middag var vi framme, det var lettskya og deilig ver.Laurdag var det overskya og sundag silregna det.Mandag var det nydelig ver før middag, men mens vi var i Bjørnevegen hos foreldra til W. om kvelden, kom det eit fæla tordenver!Om kvelden kjende Nils på ei begynnande forkjøling, så vi bestemte oss for å reise heim før han vart særleg verre, og det gjorde vi.Denne gongen tok vi kortaste vegen, nemleg over Eggedal - Gol-Hemsedal og Sogn. Det var kjempevarmt og deilig då vi for frå Kongsberg,men då vi kom så langt at vi rasta, var det ein annan vertype.Det ser ut til at vi greier å unngå fineveret.
Det hadde vore kjekt og stoppa på Eid, men sidan det vart såpass seint før vi kom så langt, tok vi beinvegen heim, der vi koka oss nypoteter som vi hadde kjøpt i Lærdal og åt spekemat til.Nam!
Til tross for tablettar, så er det ein tortur for meg å sitte i bilen så lenge, likevel er det kjekt å komme ut or dørene heime.
Gutane på Kongsberg er så kjekke å vere i lag med; Eivind er blitt stor og fornuftig skulegut, og Vebjørn ein torpedo av eit sjarmtroll. Fekk nettopp melding om at no har han fått vannkoppar!
2 kommentarer:
Kjekt at det gjekk bra på turen. I dag har eg tenkt på dykk - at de kanskje stakk innom på returen - men de får ta det igjen når de har fått kvilt dykk ut. Ser ut til at det blir bra ver her i distriktet ei vekes tid (yr.no). Kanskje hyttetur på oss nokre dagar. Bør vere heime når Lappetausa reiser til Madrid 1. aug.(mor) og S.I. m/fam til Kreta (pass 2 kaniner). Godt at Strikkemor er vel heime igjen. Eidabesta
Nils hostar og nys, men er oppegåande. Tenkte vi kunne ta ein tur til Eid når alt hadde roa seg litt. Vi får sjå. Det er litt rart å køyre rett forbi, men slik vart det i går.Margrete og fam. er framleis i Danmark, men Lars skal begynne på arbeid mandag.
Legg inn en kommentar