torsdag, mai 08, 2008

Hjønnevåg ogTrovågen.




Nils har vore i Solund eit par dagar i samband med gravferda til Bernt.Det er utruleg fint der ute på denne årstida, særleg når veret er så fint som no.

Det er mykje som er annleis der ute også enn det var for nokre år sidan. Mellom anna er det bygt opp mange fine rorbuer som ein kan leige. Dei gule på bildet ligg i Hjønnevåg.

Elles er det kome nytt ferjeleie i nærleiken av Hjønnevåg/Ytrøy, så no kjem ein ikkje direkte til Nåra slik som før.


2 kommentarer:

arieldog sa...

Dei rorbuene såg fine ut!

Besta sa...

Desse rorbuene er i Vågane, men der er også rorbuer som ein kan leige på Kverhellen og det er jo enda nærare Trovågen. Der Nils og eg budde, var i Steinsund, nær Hardbakke og det er jo på ei anna øy.Viss vi skal til Sula, kjem vi kanskje til å leige oss rorbu.

Dagbok :Julaftan 2024

                                         Kvit jul i vinduskarmen Julaftan kl 22.54. Eg kom nettopp heim frå Hareid, der eg har vore i kveld....