fredag, april 04, 2008

Buttons.


Solveig minner oss på bloggen sin om den tida vi gjekk rundt med buttons der det stod:
Snakk dialekt. Skriv nynorsk. Her må eg korrigere litt. Der stod:
TAL dialekt. Det irriterte meg såpass at eg vegra meg mot å gå med desse merka. Dessutan , skulle alle skrive nynorsk? Også dei som snakka ein dialekt som låg nærare bokmålet?
Sist eg rydda i roteskuffene mine samla eg alle buttons eg fann i ein plastboks. Nokre har barnebarna fått, men her er dei som er att.Litt nostalgisk for meg, og for barna, men barnebarna har vel ikkje opplevd "buttons-tida".

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg hadde den "Nei til atomvåpen" på ranselen. Tal dialekt-button hadde eg ikkje, men bodskapen er oppfatta. Eg har ein kollega som kjem frå Oslo (aust). Han reagerte med vantru då eg snakka om oslodialekt. For dei er det alle andre som snakkar dialekt!

Besta sa...

Viss ein hugsar tilbake til det dialektprogrammet som gjekk på TV, Har det på tunga, så vart Oslospråket der presentert som ein dialekt. Elles blir Oslo-dialektane ofte karakterisert som sosiolektar. Men bestemor snakka Oslo-dialekt!!(Østkant). Han kollegaen din bør skjerpe seg!!!

Dagbok :Julaftan 2024

                                         Kvit jul i vinduskarmen Julaftan kl 22.54. Eg kom nettopp heim frå Hareid, der eg har vore i kveld....