tirsdag, oktober 02, 2007

Leaving Kongsberg

No er kofferten pakka og vi skal snart fare. Veret er strålande, men det er kjempetrist å reise ifrå smågutane.Veit berre så altfor godt at det kan bli ei stund til vi ser dei att. Har ikkje heilt bestemt reiseruta enno, men vi finn vel ut av det etter kvart. Det tek berre eit par timar til Fredrikstad, og KM sluttar ikkje på jobb før i 16.tida, så det er ingen ting som hastar. No blir det ikkje meir blogging før vi er heime i Starevegen. Eg har lese alle bloggane mens vi har vore her, men har ikkje fått til å skrive kommentarar. So long!!!!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 25. juni

 Klokka er no19.25, temperaturen ute  er     Det har vore overskya i heile dag og så har det vel regna innimellom. Ikkje veit eg så mykje om...