Ja, no har vi sanneleg fått lufta oss! Dette blir berre eit kort referat av det vi har gjort sidan vi reiste frå Kongsberg; seinare blir det bilde og litt meir detaljar.
Tysdag reiste vi altså frå Kongsberg. Vi køyrde til Horten, tok ferja til Moss og så var neste stopp Vaterland i Fredrikstad. Det er ein gammal bydel med små antikvariske hus. Vi overnatta der og fekk godt stell av Karen Marie og Øystein. Dei er veldig gjestfrie. I går morgon var det skodde og grått, men vi trudde det skulle lette utover dagen. Det gjorde det ikkje - der vi var i alle fall. Vi køyrde til Rakkestad-Momarken -Ørje og til Sverige ein liten tripp. Hamstra litt mat i Arvika og åt middag der. Så gikk turen til Charlottenberg-Kongsvinger-Skarnes og Hamar. Der overnatta vi på Rica- hotellet.Vakna i dag til fotsid skodde som ikkje letta skikkelig før vi var på Strynefjellet. No skal vi ha oss litt mat og rydde på plass alt rotet vårt. Vi kom heim like heile denne gongen også, og har hatt det kjekt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22.januar
Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar