søndag, januar 31, 2016
Dagbok 2016: 31.januar
Klokka er ca 17.30, og det er mørkt ute. Synest denne vinteren har vore lang og mørk, så langt, men i morgon begynner vi på februar og då blir det fort lysare. Det har snødd meir og mindre i heile dag, men ikkje alt blir liggande.Temperaturen er +0,6 grader C.
Då vi stod opp i dag, vart i alle fall eg overraska over kor mykje nysnø som hadde kome. Eg kutta ut å mòke altanen for eg rekna med at snøen ville smelte fort, det har den ikkje gjort og snøen ligg der enno. Eg mòka trappa, resten tok Nils.
Eg shina opp kjøkkenet imens, for det har ikkje blitt gjort før i veka. sette på ein klesvask også etc.
Til middag vart det fiskekaker i brun saus slik som Nils ønska seg. og etter middagen har eg lese i boka mi, kan ikkje la den ligge for lenge i ro, den er på 19 CD-plater og eg har til no lese 4. Den er faktisk meir interessant enn eg først trudde. Innimellom har eg strikka litt også.
Det skjer vanlegvis ikkje så mykje om søndagane, men Nils har no underhaldning med sport på TV-og då kan eg lese.
lørdag, januar 30, 2016
Dagbok 2016: 30.januar
Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er + 2 grader C og det har snødd ein del i dag. Ikkje slik snø som gjer verda kvit og vakker, men snø på grensa av sørpe. Elles har vêret vore stilt og fredeleg etter stormen i går. Ikkje så dramatisk den heller, i alle fall ikkje her på Vallabøen. Det var nokre voldsommer rosser tidleg på kvelden, men vi miste verken straum eller nett; på andre sida av fjorden hadde det vore nokre straumbrot, og Margrete vart utan straum frå klokka 19.00 i går til i dag tidleg. Det var ein som sa at vinden her hadde vore oppe i 29 m/sek -og det er ikkje så dramatisk. Men eg snakka med ei som hadde fått skade på taket sitt.Har ikkje sett nyheiter i dag, men klokka 19 får vi vel vite kva som har skjedd rundt om i landet.
I dag tenkte eg at eg skulle få gjort litt til nytte, så eg tok ned julegardinene på kjøkkenet og hengde opp dei vanlege kvite. Strauk dei litt først. Så vaska eg håret etc. før vi tok ein tur til Vik. Vi hadde ikkje så mange ærend, men det er no godt å kome ut dørene litt. Var innom biblioteket og henta ei bok dei hadde lagt til sides til meg.
På Amfi kjøpte vi oss kake og kaffi i dag, det er slikt som ikkje skjer så ofte. Sat og prata med nokre naboar (under rulletrappa) før vi handla det vi skulle ha.
Då vi kom heim att sette eg meg til å rippe boka eg henta i dag. Det er ein krimroman på berre 7 plater, men no har eg nettopp begynt på ein krim/spionroman å 19 plater. Eg er sterkt frista til å heller lese den eg fekk i dag.Lange krimromanar, kan lett bli for lange for meg. Mens eg rippa boka stoppa eg tre par lestar og festa trådane i eit oppattespøta par. Ja, eg veit at eg er litt gammaldags, men det må vere lov i min alder, og eg likar å reparere.
Nils kokte middag i dag, salta lange m.m. Det smakte godt. I morgon har han bestemt at vi skal ha fiskekaker i brun saus, slik som i gamle dagar, med rabbe attåt. Det var han van med frå barnsbein av. Eg et det meste, så han kan berre få det som han vil.
Vi har ikkje vore ut i hamna i dag, men det er ein som bur der ute som ser etter det meste.
No blir det vel mykje TV resten av kvelden, Nils har alt hatt ei lang stund med sport; eg somna på sofaen, som vanleg.

fredag, januar 29, 2016
Bok nr.8 - 2016: Anger
ANGER er en roman om en far som vet at han ikke har oppført seg som han skulle mot sin eneste datter.
Hans Larsen er 72 år, og slipper ut av fengsel etter et langt opphold. I samme by forsøker datteren Marianne å stable et liv på beina for seg og sin lille datter. Faren skjønner at det klokeste han kan gjøre er å holde seg unna. Men det er ingen lett sak. Han vil jo gjerne se både
datteren og barnebarnet sitt. Så han begynner å spionere på dem, via en stråmann.
Marianne vil ikke ha noe mer med faren å gjøre. Men også hun har noe å angre på, så hun ber kjæresten spionere på ham. Midt oppi dette forelsker faren seg i en jevnaldrende kvinne. Han begynner nesten å se lyst på livet, det vesle han har igjen av det.
En far og en datter drives stadig nærmere hverandre, motvillig og indirekte. Spørsmålet er om det finnes en form for forsoning mellom dem.Eller kanskje handler det til syvende og sist om et mirakel.
..................................................................................................
Denne boka er på 7 CD-plater, og eg har brukt lang tid på å lese den. Dels fordi eg har hatt andre gjeremål, dels fordi eg har hatt problem med å konsentrere meg om boka, rett og slett fordi eg ikkje forsto meg på den. Roy Jacobsen brukar jo å skrive enkle og forståelige bøker, men eg forstår rett og slett kva han vil med denne teksten.
Dagbok 2016: 29.januar.
Klokka er ca 15.30, det regnar og blæs, men det er ikkje så gale, ikkje enno i alle fall. Temperaturen er + 6 grader C. Det var flo sjø ca kl. 14, så då ville vi ut på Rjåneset og sjå korleis der såg ut. Det var ikkje så veldig dramatisk, for vinden stod sikkert frå sør, og då blæs det ut fjorden. Men det regna kraftig, så det var vanskeleg å få tatt skikkelige bilde, På bildet over er det noko kvitt udefinerbart-
kan det vere Tor?
kan det vere Tor?
Vi køyrde opp til Ungdomssenteret for å ta nokre bilde frå oven. På det første bildet fekk eg med båten til kystvakta. Alle båtane i hamna flaut høgt og såg ut til å ha det bra. Inne i sentrum stod sjøen i høgde med dei gamle kaiane, men dei er ikkje lenger i bruk.
Vi var ein tur innom Amfi, deå kunne vi sjå at fjorden ikkje lenger var som eit stovegolv, så viden har vel snudd. No høyrer vi vindrossene også.
Før middag støvsuga eg og rydda litt i huset. Kjøpte ein rosa orkide i dag, så no er jula definitivt forbi, men vi har ei raud julestjerne som nektar å gi opp.
No skal eg tømme oppvaskmaskina, og så skal eg lage Taco. Og så må eg ladde opp boka mi i tilfelle straumbrot. Ønsker alle ei god helg, med eller utan Tor. Håper vêret ikkje blir for gale.
(Men eg likar så godt vind, så lenge ikkje den gjer skade.)
torsdag, januar 28, 2016
Dagbok 2016: 28.januar.
Klokka er no19.45. Temperaturen ute er + 3 grader.
I dag vakna vi igjen til kvite marker, og somme fann ut at det måtte mòkast aldri så lite.
Eg hadde skriving på programmet, så eg sette meg til så snart eg hadde rydda opp etter frokosten. Eg fekk i stand ein råkladd, men mangla nokre opplysningar så eg måtte kontakte Eli.(Ho ringde meg opp att seinare).
Marit ville at eg skulle komme opp ein tur, og det hadde eg god lyst til. Ho hinkar rundt på krykker for tida, så eg har ikkje fått snakka så mykje med henne.
Vi prata og drakk kaffi aldri så lenge og fekk lufta både nytt og gammalt-vi har kjent kvarandre sidan vi gjekk i samme klasse på gymnas, så vi har alltid mykje å snakke om. Og ingen kan skulde meg for å reke rundt i kaffislabberas i tide og utide!
Då eg kom ned att laga Nils og eg middag. I dag vart det svineribbe frå nyttårsafta med brun saus og surkål til. Det smakte godt og vi vart godt mette. No trur eg ikkje vi har fleire julerestar.
Etter ein kort sofapause har eg omarbeidd manuset mitt aldri så lite, så no trur eg at eg let det gå luftvegen til avisa. Det er no ikkje akkurat ei eksamensoppgåve, og eg risikerer ikkje å misse jobben. Trur eg.
onsdag, januar 27, 2016
Dagbok 2016: 27.januar
Klokka slo nett opp sju (19) og vi er nettopp komne heim frå pensjonistmøtet.Temperaturen er +0,6 grader C og det hadde frose på utanfor Kulturhuset.Ja, sikkert på alle vegar og gater.
Før middag var vi nedover og dekka bord etc. og så hadde vi ein pause før vi møtte opp att klokka 15.00.
I dag var vi verkeleg spente på kor mange som kom, i og med at programmet rett og slett var ein film. Og den filmen var så lang at vi hadde valt å dele den i to økter, med mat og møte midt i. Så vi vandra frå kinosalen til flatsalen og tilbake til kinosalen igjen. Ikkje så farleg når det er så å seie vegg i vegg.
Nils var veldig skeptisk til opplegget, og eg var også i tvil. Nils trudde ikkje det kom meir enn 30 personar-toppen. Eg var meir usikker. Faktisk var vi nærmare 90 som møtte fram. Trur nesten det er rekord.
Filmen frå Færøyane freista spesielt dei som var med på turen sist sommar, men dei fekk ikkje sett korleis det verkeleg kan storme og regne der borte, for dei var utruleg heldige med vêret. I dag fekk vi sjå både regn og uvêr, drama og folklore. Eg synest filmen var fantastisk. Ikkje først og fremst handlinga, men natur, vêr, tidskoloritt , song og dans. Filmen er er ein dansk produksjon, ein av dei dyraste filmane som er laga i landet. Sjølvsagt var det mange som ikkje likte filmen så godt, men slik er det:"Til lags åt alle kan ingen gjera."
Nils såg ikkje filmen, han brukte tida til å rydde litt og prate med folk. Han orka ikkje å sitte i ro så lenge. Dessutan er han ikkje så glad i å sjå film.
I morgon skal eg skrive referat i avisa, men har ikkje tenkt å skrive så mykje om filmen.
No håper vi at dei som møtte i dag, også vi møte på årsmøtet neste månad.
tirsdag, januar 26, 2016
Dagbok 2016: 26.januar
Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 7 grader og det har stort sett vore opphaldsvêr i dag. Som de kan sjå av bilda som eg tok i dag før middag, så minkar det veldig på snøen, ikkje berre nede på marka, men også i fjella.
Då snøen var ferdigmoka var det så fint, og eg ville gjerne hatt det slik, men så kom altså mildvêret. og plenen er snart grøn igjen.
I dag har eg vore litt meir aktiv enn i går. Før middag vaska eg golv etc. Etter at vi hadde ete ein liten lunsj, tok vi ein tur til Volda, fordi eg må ha eit spesielt lestegarn som eg berre får der. På andre sida av fjorden og i Volda var det nesten bert. Vi rakk ein liten tur innom Amfi også før eg skulle møte hos frisøren 13.30.
Kvar gong eg har klipt meg, synest eg at eg liknar Ine Strøm Eriksen -på håret. Men det går seg til. Eg var heime att i 15 -tida. Vi begynte å diskutere om vi skulle lage middag, og kva vi i så fall skulle ha. Då først nemnde Nils at han hadde fått lyr-og hysefiletar også av Kjell i går, ikkje berre lange. Nils lurte på om vi kunne steike dei, mens eg ymta frampå om fiskekaker. Nils trudde ikkje eg ville steike fiskekaker med nystelt hår, men eg tok sjansen. Det blei tre rører på 700-800 gram fisk i kvar. Laga rørene i foodprosessoren. Likar best å lage lite om gongen så ikkje kakene blir liggande for lenge i frysaren. Så det blei fiskekaker til middag i dag. Ikkje uventa somna eg med lydboka på sofaen. Har begynt på ei bok som eg ikkje heilt forstår meg på enno, men har lese berre to plater.
mandag, januar 25, 2016
Dagbok 2016: 25.januar
Klokka har passert 18.30. Ute er det +13 grader, litt vind og truleg ein og annan regndrope. Ja, temperaturane i januar har vore like langt under 0, som den no er over, så det har vore store variasjonar.
Natt til i går sov eg veldig lite, og så vart det lite søvn sist natt også, enda så trøtt eg var. Vi stod relativt tidleg opp i dag, sidan Nils skulle vere hos legen 9.15. Vi var spent på om han kom inn presis, slik at han kom ut att for å køyre meg til tannlegen. Det klaffa med god margin, vi rakk å fylle bensin på vegen, også.
Det gikk greitt både med legen og tannlegen, og vi tok også ein tur på Amfi. Det var berre litt vi skulle ha på apoteket, men som vanleg møtte vi mykje kjentfolk. Amfi er ein møtestad for pensjonistar og andre som ikkje er yrkesaktive.
Kjell Røv, fiskekameraten til Nils var ute og fiska i lag med sonen sin. Dei hadde fått lange, ein fisk som dei ikkje likar, så vi fekk tilbodet. Vi er veldig glade i påstråla lange, og hadde tatt opp som vi skulle ha i dag. Nils takka sjølvsagt ja, og rett etter at vi hadde ete middag var han ut til Kjell og henta meir av samme sorten
Eg var så trøytt både før og etter middag at eg ville berre sove, så eg har døsa mykje i dag. Innimellom har eg strikka litt, lese i lydboka mi, lagt i hop klede etc. No trur eg at eg er nokonlunde i form igjen.
I morgon skal eg til frisør kl.13.30, men trur ikkje eg kjem til å ligge vaken av den grunn. Gler meg til å få litt meir fasong på håret.

søndag, januar 24, 2016
Dagbok 2016: 24.januar.
Klokka er 19.10. Temperaturen er +5 grader C, og det er opplett. Vi kom nettopp att frå Hareid, der vi var invitert til middag klokka 15. Vi fekk nydelige kjøttkaker + kjøtt i brun saus, men mykje tilbehør. Eg åt meg litt for mett, så eg var heilt stinn. Til dessert fekk vi kaffi og stikkelsbærkake med heimelaga vaniljekrem + fløtekrem. Ikkje verst det heller ! Takk for oss, Solveig og fam. !
Eg sov dårleg sist natt og har vore rimeleg trøtt i dag, men så har eg ikkje sove middag, så eg får nok ei god natt til mandag, enda eg skal til tannlegen, noko eg har inngrodd skrekk for.
Før middag skreiv eg referat frå styremøtet førre veka, så festa eg trådar på to par lestar og gjorde eitt par klart til "oppattespøting". Prøver å bruke mest mulig av restar eg har liggande. Men eg strikkar ikkje lester av dårleg garn, det er vekkasta arbeid..
Høyrde radio, og etterpå lydbok mens eg styrte på.
Det var mindre snø på Hareid og i Ulsteinvik enn her, men jammen minkar det fort her også. Dessverre. Det var så fint med alt det kvite- etter at det hadde slutta å kome meir.
lørdag, januar 23, 2016
Bok nr.7 - 2016: Det som er mitt.
Emilie, ni år, blir borte på vei hjem fra skolen. Seks dager senere blir lille Kim kidnappet. Han kommer raskt til rette. Død, med en beskjed festet til liket: Der fikk du som fortjent. Inger Johanne Vik, forsker og småbarnsmor, er like rystet over kidnappingene som resten av Norge. Når førstebetjent i Kripos Yngvar Stubø trygler henne om hjelp til å løse saken, nekter hun. Selv om hun har en fortid i FBI, og både er jurist og psykolog. Inger Johanne er opptatt med sitt. Hun leter etter sannheten i en barnedrapssak fra 1956 , der en gjerningsmann ble tatt, dømt og siden løslatt før tiden, under merkelige omstendigheter. Saken krever hennes fulle oppmerksomhet. Men så forsvinner enda et barn på 20-bussen i Oslo. Med sine kunnskaper om forbryterens psykologi kan ikke Inger Johanne sitte på gjerdet lenger. Gjennom skjebne og tilfeldigheter tvinner de to sakene seg inn i hverandre, og fremkaller et nytt og overraskende bilde. Dette er den første romanen om Vik og Stubø.
.........................................................................................................
Når ein har lese stort sett alle kriminalromanar som har kome ut på lydbok dei siste ti åra og vel så det, skal det noko til å overraske meg. Nesten alt blir klisjear fordi ein har lese liknande fortellingar før. Slik er det også med denne boka. Den er sikkert ikkje dårleg, men heller ikkje nyskapande. Det beste eg kan seie om boka ut frå min ståstad er at den er grei å lese som lydbok. Den er ryddig og persongalleriet er begrensa.
Dagbok 2016: 23.januar
Klokka er 18.10. Temperaturen ute er + 5 grader C, for det meste opplett. Like greitt når snøen smeltar. Det er ikkje så fint og kvitt ute lenger, men det ligg mykje snø att. Vegane er berre.
I dag har vi hatt ei kjensle av at det har vore sundag, for vi har ikkje vore ut for ei dør, verken på butikk eller noko anna. Vi snakka om å sjå etter båten, men utsette det til i morgon. Det er så mange som er der ute i hamna at dei hadde sikkert gitt beskjed om det var noko gale.
Ingeborg ringde frå Oslo på føremiddagen, og det var no hyggelig.
I dag hadde vi bestemt oss for å ete resten av maten vi løyvde frå Nils sin fødselsdag 14.november. Dvs. pinnekjet. Men vi laga sjølvsagt ny rabbestappe til. Det er tung og kraftig mat for gamle magar.
Etter middagen tok eg ein diger oppvask, for det meste panner, sidag oppvaskmaskina ikkje var ferdig med sin oppvask. Tenkte eg skulle sleppe å bli så døsig etter middagen viss eg styrte med noko. Ja, det kan de berre tru. Då eg ei stund seinare la meg på sofaen med lydbok, hamna eg i drømmeland.
Elles begynte eg å strikke ny fot på gamle brot i går, og kjem til å bli ferdig med lest nr. to i løpet av kvelden.
Skulle ha vore til frisør for lenge sidan, men har vegra meg litt på grunn av forkjøling og kulde. I dag sende eg melding til frisøren, om eg kunne få kome i dag eller ev. tysdag. Ho var også sjuk, men trudde ho skulle vere frisk att til tysdag, så no har eg/vi planar for nesten heile neste veke.
I morgon, sundag, er vi invitert til middag hos Solveig. Mandag skal Nils til lege klokka 9.00 og eg til tannlege klokka 10.00. Tysdag skal eg til frisør og onsdag er det pensjonistmøte. Greitt å ha program å gå etter.
Nils ser sport på TV, så eg trur eg skal lure meg til å lese ferdig boka mi. Den er ikkje så altfor spennande.

fredag, januar 22, 2016
Dagbok 2016: 22.januar.
Klokka er ca 18.45. Temperaturen på trappa vår er + 5 grader C, det er overskya og opphaldsvêr. Snøen smeltar, men det gjer ikkje så mykje så lenge det ikkje regnar.
Det var nesten klårt og veldig fint først på dagen. Vi hadde ingen ting å stresse med i dag, så eg sette meg til og strikka ferdig ein lest mens vi venta på sola. Den kom fem minutt tidlegare enn i går, men så skya det over ganske raskt. Og dett var dett.
Nils hadde lyst på kinamat i dag, og det hadde eg ikkje noko imot. Var som snarast innom biblio før vi for til Volda.Eg hugsar aldri skikkelig kva nummer yndlingsretten min har, men Kina-dama veit det. I dag var maten ekstra god, og ho passar på at Nils får ekstra mykje ris. Sist vi var der var restauranten stengt, dei hadde vore i Kina på ferie fortalde ho, besøkt foreldra sine. Fly tur-retur Kina kostar 7000 kr, det er ikkje dyrt.
Etterpå var vi ein tur innom Amfi, der vi tok ein liten runde, kjøpte ikkje anna enn mat, men vi trefte mange kjende.
Då vi kom heim drakk vi kaffi før eg begynte å rippe dei 19 CD -platene i "Jeg er Pilegrim". Eg tok eit par gamle lestar for å strikke ny fot på gamle brot -mens eg rippa. Maskina var samarbeidsvillig og det gjekk relativt radig. Då eg var ferdig å rippe oppdaga eg at eg hadde gløymt e-en i Pilegrim på første plata. Det måtte rettast, og då skjedde det at alle 19 CD-platene la seg inn i samme boksen. Eg har opplevd før at to plater har slått seg i hop og det fiksar eg lett-men 19 ! Berre ein ting å gjere-rippe alt på nytt ! Men eg kom ganske langt på lesten. ( Reknar med at det stort sett er Solveig som forstår problemet?)
No blir det vel TV resten av kvelden. Vi følgjer ivrig med på Anno-eit program vi likar begge to.
Ønsker alle ei god helg!

torsdag, januar 21, 2016
Dagbok 2016: 21.januar 2016
I dag skein sola inn i stova frå 10.45 til 11.30, sånn om lag. Som de ser slapp vi å mòke på altanen i dag.
Klokka er 18.30, temperaturen ligg nær 0 grader, så vi får nok ikkje behalde finevêret vi hadde i føremiddag. Vi har ikkkje mòka i dag, for det hadde ikkje snødd sist natt. Dermed gjorde eg litt husarbeid, baka brød og støvsuga,blant anna. Elles har eg strikka ein god del. Garnet som Solveig hadde kjøpt var fint, men sidan eg er den typen som skal ha to og to like lestar blir det litt problem fordi mønsteret er såpass "langt". Dette høyrest vel gresk ut for dei som ikkje strikkar. Har også lese litt i Anne Holt- boka, den er heilt uproblematisk og enkel å lese.
onsdag, januar 20, 2016
Dagbok 2016: 20.januar
Klokka er 15.30. Temperaturen ute er minus 2 grader, og det var opplett og fint. Eg gikk ut for å ta bilde, men akkurat då begynte det å snø. I dag då vi stod opp var det kome like mykje snø som natta før. Og eg tok altanen, mens Nils rydda tunet. Seinare på dag mòka Nils altanen over tilbygget, den har ikkkje vore "letta" før. Han kom ikkje heilt i mål, men den eine solsenga kom i alle fall fram i lyset. Det er utruleg fint ute no, eg skulle ønske at det ikkje kom regn med det første.
Elles har eg brukt føremiddagen til å skrive eit lite avisinlegg,betale rekningar i nettbanken, rydde kjøkkenet, og ta ein telefon til ei veninne.
Vi steikte karbonader til lunsj, om det blir laga middag seinare i dag står att å sjå. Det er slutt på brøda i frysaren, så no må eg til å bake meir. Eg er plaga med at brøda mine blir smuldrete etter frysing, eg trur dei ville blitt meir samanhengande med større del fint mjøl, men eg vil no helst ha dei så grove som mulig. Eg brukar aldri oppskrift, men puttar oppi det eine og andre etter kva eg finn i skuffer og skap. Det gir litt spenning i kvardagen. Men er det nokon som har gode idear, så tek eg imot råd.
tirsdag, januar 19, 2016
Dagbok 2016: 19.januar
Klokka er no 16.15. Temperaturen er minus 2 grader C og akkurat no er det opplett. Elles har det snødd det meste av dagen.
Eg mòka så fint på altanen og rekkverket i går, men i løpet av natta hadde det kome ganske mykje snø, som de kan sjå på bildet over. Det var berre å starte på nytt. Eg tok altanen og trappa, Nils feia tunet og naboen freste veg ned til kjellarleilegheita. Ei lita stund var her fint og ryddig, men så lava det ned igjen! Det kan hende eg må ut att og ta altanen ein gong til, det er fort gjort, og snøen er lett og fin.
Dette er nesten som i "gamle dagar"-men det er nokre år sidan sist vi hadde så mykje snø. Ja, mykje og mykje, den sig fort ihop; ein påliteleg nabo har målt snødjupna til 60 cm på flat mark.
Alle desse bilda er tatt før klokka 13.00 i dag.
Elles brukte eg mykje av føremiddagen på ein telefonsamtale, delvis i "embets medfør". Vi hadde fisk til tidleg middag i dag, og då eg skulle slappe av etter middagen, fekk eg ein ny telefon, og så vart det kaffi. I dag har eg ikkje følt meg så trøtt -kanskje var det den friske snølufta som sette fart i meg. No har eg fått vaska golva også; av ein eller annan grunn har tysdag blitt vaskedag, trur programmet vart skipla ved juletider.
I morgon skal eg skrive førehandsomtale til pensjonistmøtet som vi skal ha neste veke.Det blir litt ut om det vanlege.
mandag, januar 18, 2016
Dagbok 2016: 18.januar
Klokka er snart 19.00, temperaturen er i, følge mobilen min, minus 2 grader, men her oppe i bakkane er det som regel mildare enn der målaren står.Det snøar bitte lite grann.
Det hadde snødd mykje sist natt, så føremiddagen gjekk mykje opp i mòking. Nils mòka tunet, naboen køyrde opp veg til kjellaren med snøfresar og eg mòka altanen med spade. Eg er redd for ryggen min, så eg var litt forsiktig, men det ser ut til å gå bra. Elles er eg lite effektiv for tida, er veldig trøtt til det lid på kveld, då vaknar B-mennesket.
I dag måtte vi ein liten tur nedover for eg var heilt lens for lydbøker. Det var lite å finne på biblio, men eg kom no heim att med eit par eg ikkje har lese før. Vi var innom Coop og handla litt mat også.
Då vi kom heim rippa eg eine boka og la meg på sofaen for å lese, men det var håplaust, eg greidde ikkje å halde meg vaken. No har Nils gått på møte i SV, så eg får sette
"Anno " på opptak så vi kan sjå det i lag seinare. Eg har ein klesvask eller to og ta meg av og så får eg rippe bok nr.2 mens eg strikkar. Ja, slik går no dagane.....
I dag fyller Håkon 22 år, og vi gratulerer. Han er no tilbake i Oslo etter ein relativ lang ferie.
søndag, januar 17, 2016
Bok nr. 6 -2016: Steikje te styr.
Sidan Øystein har skrive eitt av innleggea i boka, var vi på boklanseringa i Aasentunet sist haust.Til jul fekk vi boka i gåve.
Boka inneheld fleire korte fortellingar, essay eller kva eg skal kalle det. Eg veit ikkje kva som var oppgåva til forfattarane, men dei må ha stått relativt fritt. Det som er felles er at innlegga handlar om Sunnmøre og sunnmøringar. Somme har skrive fortellingar eller minne frå barndommen på Sunnmøre, andre har prøvd å analysere "sunnmøringen". Ikkje alle innlegga er like bra, men eg likte veldig godt somme av dei. Dei som har den beste "analysen" av sunnmøringen er etter mi meining Kjetil Tandstad. Den som har skrive ei nærmast burlesk fortelling om eit bryllaup på Sunnmøre - er Øystein.
Boka kom ut på SELJA forlag, og det finst ei liknande bok frå Sunnfjord.
Dagbok 2016: 17.januar
Klokka er ca 17.40. Temperaturen er minus 1 grad og det har snødd både sist natt og i dag. Det hadde vore greitt nok om snøen fekk ligge, men det kjem nok dessverre til å gå over i regn.
Eg har halde meg inne i dag, men Nils har mòka både til oss sjølve og til naboen.
Eg rydda litt i huset, som vanleg, og så såg eg gudstenesta i slottskapellet. Eg er av dei som likar å sjå kva kongen og familien hans styrer med. Det har vore mange fine TV-program om Harald og Sonja. Og for meg er det nær historie. Den første gongen eg las om paret var det i eit svensk dameblad som eg kjøpte av og til. Den dagen dei gifta seg fekk eg komme inn til nokre naboar på Melle og sjå vigsla på TV. Eg sat med babyen Margrete på fanget.
Vi hadde ikkje planlagt kva vi skulle ha til middag i dag, så det vart til at eg steikte pannekaker, noko vi tykte var heilt greitt.
Så fekk eg endeleg lese ut boka mi, men no er eg lens for lydbøker: må kanskje ha meg ein tur på biblioteket i morgon. Men sist eg var innom var der ikkje mykje å hente. Det blir gitt ut mange bøker, men langt frå alle blir lesne inn på CD-plater. No får eg lese litt på papir så lenge.
Det har vore mykje inneliv og TV i seinare tid, så det er vel snart på tide å ta seg sjølv i nakken og komme seg ut.

lørdag, januar 16, 2016
Bok nr.5 - 2016: Marsfioler
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Berlin, 1936. Privatdetektiv og tidligere politimann Bernie Günther får i oppgave å oppklare et innbrudd. Under etterforskningen kommer han nært inn på Tysklands nazimiljøer og ledende nazister. Dette er den første boka i Berlin Noir-trilogien.
.................................................................
Dette er ein ganske røff krimroman, med mykje vold og drap. Ikkje berre kriminelle personar står bak ugjerningane, men også den nazistiske staten. Boka er godt skriven, og opplesaren flink, men det som gjer at eg har streva litt med å fullføre er at her er svært mange personar å halde greie på, det er spesielt vanskeleg når ein les lydbokutgåver. Eg har brukt relativt lang tid på dei 8 CD-platene.

Dagbok 2016: 16.januar
Klokka er no 15.30. temperaturen er minus 3 grader C og snøen lavar ned.
Då vi stod opp i dag var det nesten klårt og sola klatra fort nedetter fjellsida. Og for første gong i år skein ho inn i stova i ca 5 minutt frå klokka 10.50.
I dag var det så fint at til og med eg fekk lyst ut og då eg foreslo ein tur til Rjåneset, var Nils straks med på det. Han hadde eit ærend også. Men etter som vi køyrde utover tjukna det til i lufta og etter kvart kom det litt snø. Eg gjekk min vanlege tur på stigen, men i dag vassa eg i snø. Friskt og godt var det i alle fall, sjølv om det både snødde og bles. Båten ligg no på gamleplassen sin, og er meir forsikra enn nokon gong.
Litt rart å tenke på at sist sommar sat vi her og sveitta og drakk kaffi, og Nils bada.
Etter turen var vi innom Amfi og prata med folk, trefte mange kjende.. Det einaste eg kjøpte i dag var ei krukke med ribbekrydder på apoteket til halv pris. Nils kjøpte nokre skrapelodd i går og på dei vann han 175 kr. Han spurde meg om han skulle ta ut pengane eller kjøpe lodd for heile beløpet. Eg sa som så at om du har 175 kr eller ikkje, betyr ikkje så mykje, viss du kjøper lodd har du i alle fall spenninga. Han høyrde på meg, og no har han 25 kr att.
Då vi kom heim steikte vi sei til middag, og no blir det pause med lydbok for min del, mens Nils ser sport på TV.
fredag, januar 15, 2016
Dagbok 2016: 15.januar
Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er minus 7 grader og det er opplett. Sist natt hadde det kome litt meir snø, men ikkje så mykje at det vart problem med mòkinga. Nils tok det lett med hand. No er det meldt opplett og kaldare, så vi får kanskje nokre fine dagar.Og kanskje kjem sparken fram?
Eg sov dårlig sist natt, og var trøtt då vi stod opp. Eg fekk no støvsuga teppegolva før lunsj - om ikkje anna. Etter at vi hadde ete, vart det ein liten tur på Amfi. Vi skulle kjøpe reseptbelagt medisin begge to. Var innom Coop, det var i grunnen ingen ting vi trong, men eg tok no med ein ost og ein liter melk for skam skuld.
Då vi kom heim la eg meg på sofaen med lydboka mi. Det er ikkje noko gale med boka, men det er mange namn å halde orden på, så det har blitt ein del omatt-lesing. Dessutan torer eg ikkje lite på at eg får med meg alt når eg les i halvsømne.
Har strikka litt innimellom både i går og i dag, så no skal eg felle av lesten eg begynte på i går. Det er tynt garn, så det tek si tid. Eg har rikeleg lestegarn att av det eg kjøpte sjølv før jul, og det eg fekk av Solveig. Det mest spennande er å sjå kva ein kan få til av alle garnrestane til slutt.
Så er det fredag igjen, og mykje på TV-programmet. Ønsker alle ei god helg !
torsdag, januar 14, 2016
Dagbok 2016: 14.januar
Klokka er 17.30. Temperaturen ute er minus 2 grader og det er delvis skya. Sola var framme ei stund i dag, men ho kom ikkje heilt ned til oss. Forresten var vi ikkje heime heller. Det hadde kome eit fint lag nysnø sist natt, så bo er her veldig fint. Eg held fast ved at Ørsta er på sitt vakraste om vinteren-i alle fall i slikt vêr som vi har no.
Det vart gjort lite og ingenting før middag i dag, sidan vi skulle vere på Kulturhuset klokka 12. Før eg dusja og vaska håret sette eg meg til å bøte nokre lestar, og dett var dett.
Det var kjekt å møtast på styremøtet i dag, vi er ein gjeng som jobbar bra i lag, og vi kan vere så frittalande vi berre vil utan at vi ryk i tottane på kvarandre.
Det var ein del som skulle på plass, så klokka var over to før vi var heime, då hadde vi vore innom Kiwi og handla tre ting-det er ikkje så mykje som skal til når ein har eit bra lager heime.
Middagen i dag var enkel, fiskegrateng frå i går, men med nyraspa gulrøter til.
Etterpå vart det pause og kaffi, og så er dagen snart forbi. Eg har fått strikka litt igjen, så no skal eg legge opp lest nr to i år, og håpe at den blir ferdig på kortare tid enn nr.1.
Bilda tok eg frå altanen i 10-tida i dag. (Det er ikkje gjenbruk av gamle bilde om det kan sjå slik ut.)
I dag fyller Roar Jarle i Trovågen 48 år og vi gratulerer!
onsdag, januar 13, 2016
Dagbok 2016: 13.januar
Klokka er snart 17.00, temperaturen minus 2 grader, og det er overskya. Det hadde kome bitte litt snø sist natt også, men ingen ting å mòke, heldigvis.
I dag skulle Nils filetere fisk, og eg manna meg opp for å lage fiskegrateng. Det var ei stund sidan sist no, og det vart litt meir styr enn vanleg. Eg hadde veken ferdigkokokt makaroni eller ferdigrensa purre i frysaren, nemlig. Det er litt rot med det, men no har vi middag i to dagar, så i morgon når vi kjem frå møtet er det berre å varme i mikrobølgeomnen. Eg har så mykje makaroni i at vi slepp å ha poteter til, men råraspa gulrot er eit must.
Vi åt middag relativt tidleg, og så vart det pause på sofaen med lydbok, og så var den dagen over. Sjølv om dagane er litt lysare enn ved juletider, så er dei framleis korte.
Eg står no i ferd med å friskmelde meg sjølv og eg har så smått begynt å strikke litt innimellom.
Vi har hatt lang ferie frå pensjonistlaget no, men så blir det ein del å gjere no fram imot årsmøtet i februar. Kva tid eg skal begynne treninga på Fysikalske bestemmer eg sjølv. Det er bra å vere nøydd til å komme seg ut, elles vert dørstokkmila fryktelig lang.
Trur eg må ha ein tur på Plantasjen for å få litt farge i stova, smått stell med blomster no.

tirsdag, januar 12, 2016
Dagbok 2016: 12.januar.
Klokka er 17.45, det er overskya og minus 1 grad i følge mobilen min. Eg har ikkje vore lenger enn ned i kjellaren i dag.
Nils for ut for å fiske sei i 10-tida i lag med kamerat Kjell, men dei fekk ikkje så veldig mykje. Heldigvis, hadde eg så nær sagt, for det er mykje arbeid med filetering etc. også. Ja, det er ikkje eg som gjer det arbeidet altså.
Mens Nils var vekke fekk eg vaska relativt grundig på kjøkken og bad, samt lagt i hop klesvask. Energien strekk ikkje til store arbeidsoppgåver. Den forkjølinga sit jammen i.
I dag hadde vi oppattvarma suppe frå i går og det var veldig lettvint og greitt. Etterpå somna vi, eg på sofaen, han i reclineren.
Slik går no dagane, og dei går fort, altfor fort eigentleg.
Kan aldri hugse å ha sett så mykje TV som denne vinteren, har ikkje bøker som fristar, og må ta det med ro når det gjeld strikking på grunn av sitteproblem. Det var litt fint og lyst nokre dagar, men bo er det bekmørkt igjen. Her er det såpass mykje snø at det er glatt på vegane her oppe hos oss, men vi har ikkje montert opp sparken-det kunne vi kanskje ha gjort.
Begynte så vidt på ei ny bok i dag, men eg trur eg får begynne på begynnelsen igjen...........

mandag, januar 11, 2016
Bok nr. 4 - 2016: Borgermesteren
Om boka: Dette er historien om en suksessfull mann som ikke kan rømme fra fortiden. Michael Henchard har i tyve år holdt på en dyster hemmelighet: i fyllerus på et landsbymarked solgte han sin kone Susan til en sjømann. Nå er Henchard en respektert borgermester i byen Casterbridge, og plutselig er kona tilbake i byen.
****
Thomas Hardy er ikke den britiske forfatteren som er mest kjent i Norge, har jeg inntrykk av… Men for noen år tilbake så jeg filmatiseringen av The Mayor of Casterbridge, som den heter på originalspråket, også snublet jeg altså over den på Ordflyt også. Jeg hadde antageligvis ikke tatt fatt på papirutgaven, men terskelen for å starte på bøker på lydbok er litt lavere for meg…
Den handler altså om Michael Henchard, som i en blanding av stolthet, frustrasjon og fyll presterer å selge kona og babyen sin til høystbydende på et marked. Nærmere tjue år senere sporer Susan og datteren han opp igjen, og han har opparbeidet seg en stilling som borgermester i småbyen Casterbridge. Han har naturlig nok ikke fortalt noen om at han solgte kona si, og nå er altså fortiden tilbake for hjemsøke han. Men jeg synes allikevel at den beskrivelsen er litt knapp, for boka strekker seg langt lenger enn som så.
Kona er nemlig ikke Henchards eneste problem. Samtidig har han «kompromitert» en kvinne i en annen by og derfor ødelagt ryktet hennes, og det eneste «riktige» å gjøre i en slik situasjon er naturligvis å gifte seg med henne. Dessuten kommer skotten Donald Farfae til Casterbridge, og han viser seg å være en likandes kar. Kanskje litt for likandes… Er Henchards stilling som borgermester i fare? Og hvordan skal han håndtere det faktum at den nå nesten voksne datteren tror at sjømannen han solgte henne til er hennes ekte far?
........................................................................
Boka kom ut første gong i 1886-noko eg har tatt omsyn til under lesinga. Eg har lese den mest av litteraturhistorisk interesse, for forfattaren var populær i si samtid. Margrete kjem til å lese boka snart, og ho er mykje betre inn i engelsk litteraturhistorie, så eg overlet til henne å vurdere boka.
Elles vil eg no berømme forfattaren for å få til så mykje hibbel og dramatikk med eit så begrensa persongalleri.
Dagbok 2016: 11.januar
Klokka er snart 18.00. Temperaturen er 0 grader og det er overskya. Sat og rota med mobilen ein dag, og fann noko som heiter "VÆR" som no ligg på opningssida. Lurer på om eg må betale for det? Eg får i alle fall ikkje til å fjerne det. Typisk meg.
I dag gjorde vi brennsnuten/ betasuppa nesten ferdig før vi tok ein tur nedover. Eg hadde ærend på legesenteret der eg fekk utskrift av røntgenundersøkinga 23.nov. Eg var så dum at eg trudde dei ville sende den til meg- men den låg i luka. Så var eg innom fysikalske med rekvisisjon og diagnose, men der var det eit litt underleg system. Har ein rekvisisjon er det lang ventetid, men trening etc. kan ein få på dagen. Ja, eg gjorde no ein avtale med ein av fysioterapeutane eg kjenner frå før.Eg ventar litt med treninga til eg er heilt frisk av forkjølinga i alle fall.
På Amfi hamstra eg hårpleieprodukt på parfymeriet og hadde ein lang prat med butikksjefen som eg kjenner godt frå før.
Mat handla vi på Coop, det var stort sett kjedelige ting.
Då vi kom heim laga vi ferdig suppa, men utsette måltidet til ca 15.30 då Margrete kom. Det var hennar tur å køyre jentene på ballett i dag.
Det var godt å kome seg ut aldri så lite i dag, og det var ikkje kaldt. Har ikkje vore ute for ei dør på ei veke. I dag har det i grunnen vore akkurat passelig temperatur, men det kjem til å bli mildare etter kvart - i følge mobilen min.

søndag, januar 10, 2016
Dagbok 2016: 10.januar
Klokka er 17.00, temperaturen er minus 3 grader, og det kjennest nokså "varmt" ut- eg var så vidt ut på trappa.
I dag gjekk Nils ein tur i skogen, men eg vart att heime, er enno ikkje heilt god etter forkjølinga, men eg ikkje SJUK i den forstand. Mens eg var ger åleine fekk eg vaska og rydda kjøleskapet, både kjøle- og frysedelen. Så fekk eg bra oversikt over kva vi har og kva vi må kjøpe.
Nils kokte lange til middag i dag, det likar vi begge, og så slepp ein å bli så tungt mett når ein sit i ro. Elles driv eg framleis og les på den noko "gammaldagse" boka som Margrete lånte på biblio.
Eitt år det var så langvarig kulde dreiv vi og laga islykter og hadde på trappa. I går fann eg på at eg skulle lage ei slik mens det enno var kaldt. Det er ein enkel prosess, ei plastspann med vatn og noko mindre, fylt med stein inni. denne gongen pynta eg opp med ein orkide og nokre eføyblad inne i isen.
Kveite lykta då det vart mørkt, og den lyste fint.........å ta bilde av den var verre. Tok den ikk på kjøkkenet til slutt.
I dag fekk vi melding om styremøte i pensjonistlaget komande torsdag, så no er det slutt på vår ferie også. Det er godt å kome i gang med noko etter ein så lang "ferie".
lørdag, januar 09, 2016
Dagbok 2016: 9.januar
Klokka går mot 19.00. Temperaturen ute er minus 11-12 grader C og vêret er like fint som før.
I dag kjende eg meg ganske frisk for første gong på lenge, så eg dusja og vaska håret med tanke på ein tur til Vik. Men så feiga eg ut. Det var for kaldt til å ta laus. Ingen ting er så kaldt som ein kald bil, og vi har mat så vi klarer oss til mandag.
Eg fann ut at eg kunne bake brød, for no var der ikkje mange att i frysaren, Nils var heldig og fann eitt i går. Elles har eg gjort lite og ingen ting til nytte.
Eg har hatt litt problem med "sitteknuten" så då kan eg ikkje strikke. Derfor har eg stått attmed kjøkkenbenken og lese lydbok mens eg løyser kryssord og sudoku.
Vi hadde ein Grandis i frysaren, det blei middagsmaten i dag. Eg gler meg til det blir tomt i skuffer og skap, slik at eg kan få rydda skikkelig opp.
I dag har eg ikkje tatt bilde av fjelle og sola, men den var her i dag også.
I dag er det John Per sin bursdag. Av oss fire søskenbarna på Eid var han den yngste, og det er han vel framleis, sjølv om han har passert 70. Då han var liten og dei budde på Hildegard, brukte vi å hauste juletreet på bursdagen hans. Dei flytta til Sørumsand i 1954 og John Per bur framleis i huset som foreldra bygde.
Gratulerer med dagen, John- Per!

Dette bildet må vere tatt rett etter krigen, på altanen ved apoteket. Vi ser bortover mot Almenningen. Der ser heilt annleis ut i dag. Det er frå venstre: Svein, eg, Ellen Marie og John Per.
Dette boildet viser same gjengen noko seinare. Det er tatt ved Ålfothuset, og der flytta vi inn i juni 1953. Svein er ikkje med på bildet, så han har nok vore fotograf. Eg hugsar at han var tidleg ute med å kjøpe seg kamera. (Dette bildet blei sikkert tatt i ein sommarferie.)
fredag, januar 08, 2016
Dagbok 2016: 8.januar
Vi har same fine vêret, men dei to gradestokkane våre viser ikkje det same. På den eine er det minus 10 grader, den andre viser minus 12 grader C. Sola kryp lenger nedetter fjellsida for kvar dag, men finevêret varer nok ikkkje til vi får sola.
I dag var eg oppe i skikkelig tid, og har vore relativt aktiv. Det var så fint og tørt i dag at eg tok sjansen på å bytte på sengane og lufte sengkleda. Eg har høyrt at for å få bukt med sengemidden skal sengkleda henge ute i minusgrader, det gjorde dei i dag. Men madrassane vart ikkje med ut, så han gøymde seg nok der.
Og så var det berre å sette i gang vaskemaskin og tørketrommel, orka ikkje å henge ut klede i denne kulden-ikkje tørkar dei heller. No er kleda ferdig tørka, og eg skal stryke og legge på plass.
Nils skulle på eit møte klokka 12.00, og då steikte eg ferdig middagsfisken og sette den i steikomnen. Så i dag hadde vi "skikkelig" middag.
Etterpå låg eg på sofaen med lydbok-og då somna eg sjølvsagt. Eg er framleis slapp og trøtt etter denne sykja eg har/ har hatt. Den heng lenge i. Helst vil eg berre sove- men gjer det ikkje.
Det blir ikkje så mykje spennande å fortelje om når eg berre går inne i hus og rotar, men alt har ein ende- også forkjølingar. Lengtar litt etter åkome ut i frisk luft og i lag med folk. (Men det kan godt bli litt mildare først.)
Eg har ikkje vore inn på rette dagane sidan før jul, men no har eg funne ut at det er fredag, så då vil eg ønske alle ei god helg!
NB: Eg tek nye bilde kvar dag, sjølv om dei er til forveksling like dei frå dagen før.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2024: 20. desember
Klokka er no 19.30, temperaturen ute er 0 grader og det verken regnar eller snøar akkurat no. Sist natt kom det såpass mykje snø at det var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...