Klokka er 17.45, det er overskya og minus 1 grad i følge mobilen min. Eg har ikkje vore lenger enn ned i kjellaren i dag.
Nils for ut for å fiske sei i 10-tida i lag med kamerat Kjell, men dei fekk ikkje så veldig mykje. Heldigvis, hadde eg så nær sagt, for det er mykje arbeid med filetering etc. også. Ja, det er ikkje eg som gjer det arbeidet altså.
Mens Nils var vekke fekk eg vaska relativt grundig på kjøkken og bad, samt lagt i hop klesvask. Energien strekk ikkje til store arbeidsoppgåver. Den forkjølinga sit jammen i.
I dag hadde vi oppattvarma suppe frå i går og det var veldig lettvint og greitt. Etterpå somna vi, eg på sofaen, han i reclineren.
Slik går no dagane, og dei går fort, altfor fort eigentleg.
Kan aldri hugse å ha sett så mykje TV som denne vinteren, har ikkje bøker som fristar, og må ta det med ro når det gjeld strikking på grunn av sitteproblem. Det var litt fint og lyst nokre dagar, men bo er det bekmørkt igjen. Her er det såpass mykje snø at det er glatt på vegane her oppe hos oss, men vi har ikkje montert opp sparken-det kunne vi kanskje ha gjort.
Begynte så vidt på ei ny bok i dag, men eg trur eg får begynne på begynnelsen igjen...........
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar