søndag, januar 17, 2016

Dagbok 2016: 17.januar

Klokka er ca 17.40. Temperaturen er minus 1 grad og det har snødd både sist natt og i dag. Det hadde vore greitt nok om snøen fekk ligge, men det kjem nok dessverre til å gå over i regn.
Eg har halde meg inne i dag, men Nils har mòka både til oss sjølve og til naboen.
Eg rydda litt i huset, som vanleg, og så såg eg gudstenesta i slottskapellet. Eg er av dei som likar å sjå kva kongen og familien hans styrer med. Det har vore mange fine TV-program om Harald og Sonja. Og for meg er det nær historie. Den første gongen eg las om paret var det i eit svensk dameblad som eg kjøpte av og til. Den dagen dei gifta seg fekk eg komme inn til nokre naboar på Melle og sjå vigsla på TV. Eg sat med babyen Margrete på fanget.
Vi hadde ikkje planlagt kva vi skulle ha til middag i dag, så det vart til at eg steikte pannekaker, noko vi tykte var heilt greitt.
Så fekk eg endeleg lese ut boka mi, men no er eg lens for lydbøker: må kanskje ha meg ein tur på biblioteket i morgon. Men sist eg var innom var der ikkje mykje å hente. Det blir gitt ut mange bøker, men langt frå alle blir lesne inn på CD-plater. No får eg lese litt på papir så lenge.
Det har vore mykje inneliv og TV i seinare tid, så det er vel snart på tide å ta seg sjølv i nakken og komme seg ut.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...