lørdag, januar 09, 2016

Dagbok 2016: 9.januar

Klokka går mot 19.00. Temperaturen ute er minus 11-12 grader C og vêret er like fint som før.
I dag kjende eg meg ganske frisk for første gong på lenge, så eg dusja og vaska håret med tanke på ein tur til Vik. Men så feiga eg ut. Det var for kaldt til å ta laus. Ingen ting er så kaldt som ein kald bil, og vi har mat så vi klarer oss til mandag.
Eg fann ut at eg kunne bake brød, for no var der ikkje mange att i frysaren, Nils var heldig og fann eitt i går. Elles har eg gjort lite og ingen ting til nytte.
Eg har hatt litt problem med "sitteknuten" så då kan eg ikkje strikke. Derfor har eg stått attmed kjøkkenbenken og lese lydbok mens eg løyser kryssord og sudoku.
Vi hadde ein Grandis i frysaren, det blei middagsmaten i dag. Eg gler meg til det blir tomt i skuffer og skap, slik at eg kan få rydda skikkelig opp.
I dag har eg ikkje tatt bilde av fjelle og sola, men den var her i dag også.
I dag er det John Per sin bursdag. Av oss fire søskenbarna på Eid var han den yngste, og det er han vel framleis, sjølv om han har passert 70. Då han var liten og dei budde på Hildegard, brukte vi å hauste juletreet på bursdagen hans. Dei flytta til Sørumsand i 1954 og John Per bur framleis i huset som foreldra bygde.
Gratulerer med dagen, John- Per!
Dette bildet må vere tatt rett etter krigen, på altanen ved apoteket. Vi ser bortover mot Almenningen. Der ser heilt annleis ut i dag. Det er frå venstre: Svein, eg, Ellen Marie og John Per.
Dette boildet viser same gjengen noko seinare. Det er tatt ved Ålfothuset, og der flytta vi inn i juni 1953. Svein er ikkje med på bildet, så han har nok vore fotograf. Eg hugsar at han var tidleg ute med å kjøpe seg kamera. (Dette bildet blei sikkert tatt i ein sommarferie.)

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...