fredag, januar 08, 2016

Dagbok 2016: 8.januar


Vi har same fine vêret, men dei to gradestokkane våre viser ikkje det same. På den eine er det minus 10 grader, den andre viser minus 12 grader C. Sola kryp lenger nedetter fjellsida for kvar dag, men finevêret varer nok ikkkje til vi får sola.
I dag var eg oppe i skikkelig tid, og har vore relativt aktiv. Det var så fint og tørt i dag at eg tok sjansen på å bytte på sengane og lufte sengkleda. Eg har høyrt at for å få bukt med sengemidden skal sengkleda henge ute i minusgrader, det gjorde dei i dag. Men madrassane vart ikkje med ut, så han gøymde seg nok der.
Og så var det berre å sette i gang vaskemaskin og tørketrommel, orka ikkje å henge ut klede i denne kulden-ikkje tørkar dei heller. No er kleda ferdig tørka, og eg skal stryke og legge på plass.
Nils skulle på eit møte klokka 12.00, og då steikte eg ferdig middagsfisken og sette den i steikomnen. Så i dag hadde vi "skikkelig" middag.
Etterpå låg eg på sofaen med lydbok-og då somna eg sjølvsagt. Eg er framleis slapp og trøtt etter denne sykja eg har/ har hatt. Den heng lenge i. Helst vil eg berre sove- men gjer det ikkje.
Det blir ikkje så mykje spennande å fortelje om når eg berre går inne i hus og rotar, men alt har ein ende- også forkjølingar. Lengtar litt etter åkome ut i frisk luft og i lag med folk. (Men det kan godt bli litt mildare først.)
Eg har ikkje vore inn på rette dagane sidan før jul, men no har eg funne ut at det er fredag, så då vil eg ønske alle ei god helg!

NB: Eg tek nye bilde kvar dag, sjølv om dei er til forveksling like dei frå dagen før.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...