torsdag, januar 07, 2016

Dagbok 2016: 7.januar



Klokka er 19.00. Temperaturen ute er minus 7,5 grader C. Vi har hatt nydelig vêr, men ikkje heilt klårt.
Sist natt sov eg godt, utan å vakne opp midt i eit hosteanfall, så eg var freista til å friskmelde meg sjølv, men kom etter kvart til ein annan konklusjon. I dag var vi fast bestemt på å "rydde ut jula". Det er meir arbeid enn ein trur. Eg synest ikkje vi pyntar så mykje, men oppdagar at der er litt pynt i kvar ei krå. Nils tok seg av det som var ute, og diverse juletre og julestjerner inne. Mens eg bytta lys i lysestakar og løperar og dukar på alle bord. Til slutt støvsuga eg grundig på stova og litt mindre grundig på dei andre teppegolva. Då var eg låk i ryggen, og det er jammen lenge sidan sist eg var.
Etter lunsj la eg meg på sofaen med lydbok - og somna. Eg er nok ikkje så frisk som eg trudde i utgangspunktet. Dette er ei langdryg og seig sykje-det seier Solveig også.
Elles har eg sikkert hatt litt lågt blodtrykk i dag, sidan eg tok dobbel dose med medisin . Det er første gong eg har surra med tablettane.
Vi skulle eigentleg hatt steikt sei i dag, men så hadde eg ikkje lyst på det. Det einaste eg har lyst på av middagsliknande rettar er spekemat, så det vart det i dag også. Vi ønska oss spekemat i julegåve, og fekk det. Vi har rikeleg både med spekeskinke og diverse pølser. Nils kokte poteter og rabbe til, og då smakte det godt.
Eg er no veldig glad så lenge Nils ikkje får denne sykja, han har hatt nok trøbbel for ei stund. Han kom seg ikkje på sjøen i dag, for matrosane var opptekne.


Bilda er tatt klokka 12.00 frå trappa og altanen. Lenger kom eg ikkje i dag heller.

2 kommentarer:

solveig sa...

Høgre øyret mitt er no hove - utvendig. Eg får ikkje plass til Øyreproppa. No veit eg ikkje om det har noko med sykja å gjere. Nyseanfall får eg fleire gonger for dag. Så ja, dette er seigt.

Besta sa...

Du har vel kjøpt deg hostesaft? Bisolvon-den løyser i alle fall opp hosten.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...