Klokka er 19.00. Temperaturen er minus 4,5 grader C. Det har vore fint vêr i dag også. Det har vore ein kort dag, særleg for meg.
Eg vakna klokka 6, som vanleg, og hosta noko heilt forferdelig. Då det verste hadde gitt seg la eg meg inn att i senga og sov til klokka var nesten 11. Hadde så vidt fått på meg klede då Margrete og Ingegorg ringde på døra. Margrete skulle til tannlegen, Ingeborg var att her.
Eg laga til lunsj av slikt eg fann rundt omkring i skuffer og skap.
Eg har heldigvis vore mykje betre i dag, men heilt god er eg ikkje enno. Har i alle fall vore oppe heile dagen, og ikkje lege på sofaen. Margrete var nedom biblioteket og kom att med eit heilt nett med bøker, eg fann to som eg ikkje har lese, dei har eg no rippa, så eg har lesestoff. La opp eit spøt mens eg heldt på med rippinga, og så ringde Ellen Marie og vi fekk oss ein lang prat.
Etterpå åt vi sursild, tomatsild, egg og brød og kalla det middag.
Nils fabulerer om ein fisketur i morgon viss han får nokon med seg. Eg kan ikkje hindre han.
I dag er det 13.dag jul, men m det er 13.dags-Knut eller 20.dags-Knut som jagar jula ut er eg ikkje heilt sikker på. Her er det i alle fall LITT jul att enno. Men noko har eg plukka vekk.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
1 kommentar:
I dag vart juletreet kasta ut her!
Godt du er litt betre! Synest sykja er seig.
Legg inn en kommentar