tirsdag, januar 26, 2016

Dagbok 2016: 26.januar

Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 7 grader og det har stort sett vore opphaldsvêr i dag. Som de kan sjå av bilda som eg tok i dag før middag, så minkar det veldig på snøen, ikkje berre nede på marka, men også i fjella. 
Då snøen var ferdigmoka var det så fint, og eg ville gjerne hatt det slik, men så kom altså mildvêret. og plenen er snart grøn igjen.
I dag har eg vore litt meir aktiv enn i går. Før middag vaska eg golv etc. Etter at vi hadde ete ein liten lunsj, tok vi ein tur til Volda, fordi eg må ha eit spesielt lestegarn som eg berre får der. På andre sida av fjorden og i Volda var det nesten bert. Vi rakk ein liten tur innom Amfi også før eg skulle møte hos frisøren 13.30.
Kvar gong eg har klipt meg, synest eg at eg liknar Ine Strøm Eriksen -på håret. Men det går seg til. Eg var heime att i 15 -tida. Vi begynte å diskutere om vi skulle lage middag, og kva vi i så fall skulle ha. Då først nemnde Nils at han hadde fått lyr-og hysefiletar også av Kjell i går, ikkje berre lange. Nils lurte på om vi kunne steike dei, mens eg ymta frampå om fiskekaker. Nils trudde ikkje eg ville steike fiskekaker med nystelt hår, men eg tok sjansen. Det blei tre rører  på 700-800 gram fisk i kvar. Laga rørene i foodprosessoren. Likar best å lage lite om gongen så ikkje kakene blir liggande for lenge i frysaren. Så det blei fiskekaker til middag i dag. Ikkje uventa somna eg med lydboka på sofaen. Har begynt på ei bok som eg ikkje heilt forstår meg på enno, men har lese berre to plater.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...