Klokka har passert 18.30. Ute er det +13 grader, litt vind og truleg ein og annan regndrope. Ja, temperaturane i januar har vore like langt under 0, som den no er over, så det har vore store variasjonar.
Natt til i går sov eg veldig lite, og så vart det lite søvn sist natt også, enda så trøtt eg var. Vi stod relativt tidleg opp i dag, sidan Nils skulle vere hos legen 9.15. Vi var spent på om han kom inn presis, slik at han kom ut att for å køyre meg til tannlegen. Det klaffa med god margin, vi rakk å fylle bensin på vegen, også.
Det gikk greitt både med legen og tannlegen, og vi tok også ein tur på Amfi. Det var berre litt vi skulle ha på apoteket, men som vanleg møtte vi mykje kjentfolk. Amfi er ein møtestad for pensjonistar og andre som ikkje er yrkesaktive.
Kjell Røv, fiskekameraten til Nils var ute og fiska i lag med sonen sin. Dei hadde fått lange, ein fisk som dei ikkje likar, så vi fekk tilbodet. Vi er veldig glade i påstråla lange, og hadde tatt opp som vi skulle ha i dag. Nils takka sjølvsagt ja, og rett etter at vi hadde ete middag var han ut til Kjell og henta meir av samme sorten
Eg var så trøytt både før og etter middag at eg ville berre sove, så eg har døsa mykje i dag. Innimellom har eg strikka litt, lese i lydboka mi, lagt i hop klede etc. No trur eg at eg er nokonlunde i form igjen.
I morgon skal eg til frisør kl.13.30, men trur ikkje eg kjem til å ligge vaken av den grunn. Gler meg til å få litt meir fasong på håret.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar