onsdag, januar 27, 2016

Dagbok 2016: 27.januar


Klokka slo nett opp sju (19) og vi er nettopp komne heim frå pensjonistmøtet.Temperaturen er +0,6 grader C og det hadde frose på utanfor Kulturhuset.Ja, sikkert på alle vegar og gater.
Før middag var vi nedover og dekka bord etc. og så hadde vi ein pause før vi møtte opp att klokka 15.00.
I dag var vi verkeleg spente på kor mange som kom, i og med at programmet rett og slett var ein film. Og den filmen var så lang at vi hadde valt å dele den i to økter, med mat og møte midt i. Så vi vandra frå kinosalen til flatsalen og tilbake til kinosalen igjen. Ikkje så farleg når det er så å seie vegg i vegg.
Nils var veldig skeptisk til opplegget, og eg var også i tvil. Nils trudde ikkje det kom meir enn 30 personar-toppen. Eg var meir usikker. Faktisk var vi nærmare 90 som møtte fram. Trur nesten det er rekord.
Filmen frå Færøyane freista spesielt dei som var med på turen sist sommar, men dei fekk ikkje sett korleis det verkeleg kan storme og regne der borte, for dei var utruleg heldige med vêret. I dag fekk vi sjå både regn og uvêr, drama og folklore. Eg synest filmen var fantastisk. Ikkje først og fremst handlinga, men natur, vêr, tidskoloritt , song og dans. Filmen er er ein dansk produksjon, ein av dei dyraste filmane som er laga i landet. Sjølvsagt var det mange som ikkje likte filmen så godt, men slik er det:"Til lags åt alle kan ingen gjera."
Nils såg ikkje filmen, han brukte tida til å rydde litt og prate med folk. Han orka ikkje å sitte i ro så lenge. Dessutan er han ikkje så glad i å sjå film.
I morgon skal eg skrive referat i avisa, men har ikkje tenkt å skrive så mykje om filmen.
No håper vi at dei som møtte i dag, også vi møte på årsmøtet neste månad.

1 kommentar:

solveig sa...

Kjekt at det kom så mange!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...