onsdag, januar 20, 2016

Dagbok 2016: 20.januar

Klokka er 15.30. Temperaturen ute er minus 2 grader, og det var opplett og fint. Eg gikk ut for å ta bilde, men akkurat då begynte det å snø. I dag då vi stod opp var det kome like mykje snø som natta før. Og eg tok altanen, mens Nils rydda tunet. Seinare på dag mòka Nils altanen over tilbygget, den har ikkkje vore "letta" før. Han kom ikkje heilt i mål, men den eine solsenga kom i alle fall fram i lyset. Det er utruleg fint ute no, eg skulle ønske at det ikkje kom regn med det første.
Elles har eg brukt føremiddagen til å skrive eit lite avisinlegg,betale rekningar i nettbanken, rydde kjøkkenet, og ta ein telefon til ei veninne.
Vi steikte karbonader til lunsj, om det blir laga middag seinare i dag står att å sjå. Det er slutt på brøda i frysaren, så no må eg til å bake meir. Eg er plaga med at brøda mine blir smuldrete etter frysing, eg trur dei ville blitt meir samanhengande med større del fint mjøl, men eg vil no helst ha dei så grove som mulig. Eg brukar aldri oppskrift, men puttar oppi det eine og andre etter kva eg finn i skuffer og skap. Det gir litt spenning i kvardagen. Men er det nokon som har gode idear, så tek eg imot råd.



2 kommentarer:

solveig sa...

Når det gjeld brøda, kan du prøve med 1/2 pk gjær, 10-15 knaing i maskin og 2-3 timar 1.-heving.

Besta sa...

Ja, lengre heving har eg tenkt på-det er berre det at eg manglar tolmodet.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...