fredag, januar 15, 2016

Dagbok 2016: 15.januar

Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er minus 7 grader og det er opplett. Sist natt hadde det kome litt meir snø, men ikkje så mykje at det vart problem med mòkinga. Nils tok det lett med hand. No er det meldt opplett og kaldare, så vi får kanskje nokre fine dagar.Og kanskje kjem sparken fram?
Eg sov dårlig sist natt, og var trøtt då vi stod opp. Eg fekk no støvsuga teppegolva før lunsj - om ikkje anna. Etter at vi hadde ete, vart det ein liten tur på Amfi. Vi skulle kjøpe reseptbelagt medisin begge to. Var innom Coop,  det var i grunnen ingen ting vi trong, men eg tok no med ein ost og ein liter melk for skam skuld.
Då vi kom heim la eg meg på sofaen med lydboka mi. Det er ikkje noko gale med boka, men det er mange namn å halde orden på, så det har blitt ein del omatt-lesing. Dessutan torer eg ikkje lite på at eg får med meg alt når eg les i halvsømne.
Har strikka litt innimellom både i går og i dag, så no skal eg felle av lesten eg begynte på i går. Det er tynt garn, så det tek si tid. Eg har rikeleg lestegarn att av det eg kjøpte sjølv før jul, og det eg fekk av Solveig. Det mest spennande er å sjå kva ein kan få til av alle garnrestane til slutt.
Så er det fredag igjen, og mykje på TV-programmet. Ønsker alle ei god helg !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...